Red Rose Speedway er det andre studioalbumet til Paul McCartney and Wings. Albumet kom ut i 1973 etter at debutalbumet deira, Wild Life, hadde seld forholdsvis svakt. Red Rose Speedway gjekk til topps på Billboard 200 i USA og singelen «My Love» gjorde det same på singellista og er den mest populære songen frå albumet.
Bakgrunn Tidleg i 1972 fann McCartney ut han skulle utvide bandet til fem medlemmar og henta inn gitaristen Henry McCullough. Det kom ikkje noko nytt album i 1972, men tre singlar vart gjeven ut i mellom tida. «Give Ireland Back To The Irish» var McCartney sitt respons på Bloody Sunday og vart boikotta av BBC for dei politiske meiningane i songen. Det same vart rockelåten «Hi Hi Hi» på grunn av dei påståtte narkotika- og sexreferansane i songen. Eit svar på dette var at bandet gav ut barnesongen «Mary Had a Little Lamb». I tillegg til å gje ut singlar turnerte bandet i Europa sommaren 1972, og heldt mellom anna ein konsert i Oslo.
Innspeling Red Rose Speedway vart spelt inn perioden mars-oktober 1972, men kom ikkje ut før i mai 1973. Albumet var opphavleg tenkt som eit dobbeltalbum, men enda opp som eit enkeltalbum.
Den einaste singelen frå albumet var songen «My Love». Det var ei kjærleikserklæring til kona hans, Linda McCartney. Songen omtalte han sjølv som den nye «Yesterday» og han vart raskt ein stor suksess. Sangen gjekk rett til topps på singellista i USA og vart den første store hitten til bandet.
Populariteten til «My Love» førte til at forventningane til albumet auka, og då albumet kom ut gjekk det heilt til førsteplassen på albumlista i USA. Trass i at albumet selde godt, vart det meir lunken motteke av kritikarane, men McCartney hadde i alle fall klart å etablere Wings som eit band.
Albumet vart nymastra og gjeve ut på CD i 1993 som ein del av The Paul McCartney Collection. Albumet kom då med fire bonusspor.
Innhald
Medverkande Wings Paul McCartney – vokal, bass, piano, gitar, elektrisk piano, mellotron, celesta, Moog synthesizer Linda McCartney – vokal, piano, orgel, elektrisk piano, elektrisk cembalo, perkusjon Denny Laine – vokal, gitar, bass, munnspel Henry McCullough – gitar, korvokal, perkusjon Denny Seiwell – trommer, perkusjon
Andre medverkande Hugh McCracken – elektrisk gitar (spor 5) David Spinozza – elektrisk gitar (spor 3) Alan Parsons – lydteknikar Dixon Van Winkle – lydteknikar (spor 3 & 5)
Salslister
Vekeslister Liste (1973)PlasseringAustralske Kent Music Report1Den belgiske albumlista i Vallonia3Kanadiske RPM 100 Albums2Den danske albumlista2Den nederlandske MegaCharts-lista6Den franske SNEP-lista9Den italienske albumlista2Den japanske Oricon-lista13Den norske VG-lista4Den spanske albumlista 1Den svenske albumlista2UK Albums Chart5US Billboard Top LPs & Tape<1
Årslister Liste (1973)PlasseringDen australske albumlista2Den nederlandske albumlista42Den franske albumlista44Den italienske albumlista28US Billboard Pop Albums33
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Red Rose Speedway» frå , den 19. mai 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:Apple Records-album Kategori:Wings-album Kategori:Musikkalbum produserte av Paul McCartney Kategori:Album produserte av Linda McCartney Kategori:Album spelte inn i Abbey Road Studios Kategori:Album spelte inn i Morgan Sound Studios Kategori:Album spelte inn i Trident Studios