Sigurd Nome () var ein norsk skulptør frå Øyslebø i Vest-Agder. Teologen John Nome var ein eldre bror.

Nome var frå 1935 til -37 elev hos Wilhelm Rasmussen. Sidan forma han i 1945 «Rormannen» til Oslo rådhus i granitt, bronsearbeida «Gardisten» (1947) i Husebyleiren i Oslo og krigsminnesmerket «Viljen til fred og frihet» (1948) i Mandal. Statuetten «Lyrikeren» i terrakotta frå 1949 er i Nasjonalgalleriet i Oslo. I 1971 vart statuen hans av Hans Nielsen Hauge reist i Uranienborgparken i Oslo. Ei samling Nome-skulpturar er utstilt på Høgtun Kultursenter i Marnardal kommune.

Nome nytta vekselvis både stein, terrakotta og bronse i arbeida sine. Han prøvde seg òg fram med sement og laga i det materialet nokre hageskulpturar av born og dyr.

Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958 Norsk kunstnerleksikon

Kategori:Norske bilethoggarar