Christine Bøe Jensen () er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Hammerfest som vart olympisk meister med Noreg under Sommar-OL 2000 i Sydney.
Jensen spelte på Tromsø-laget Fløya til 1998, deretter i Grand frå Bodø i to sesongar. Åra 2001-03 var ho aktiv i Kolbotn IL. Etter den tid spelte ho på lågare serienivå med oslolaga Manglerud-Star og Vålerenga.
I OL-sesongen 2000 og i 2001 deltok Jensen i 17 landskampar for Noreg og skåra to mål. Ho var innbytar i OL-finalen i Sydney, der Noreg sigra med 3-2 over USA på såkalla «Golden Goal».
Merittar Olympisk meister: 2000 med Noreg Seriemeister: 2002 med Kolbotn IL
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Christine Bøe Jensen» frå , den 20. mai 2018.
Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 2000 Kategori:Kolbotn-spelarar Kategori:Vålerenga-spelarar Kategori:Folk frå Hammerfest