«Temporary Secretary» er ein song av Paul McCartney frå 1980 på albumet hans McCartney II. I 2013 rangerte Rolling Stone songen som den 36. beste McCartney-songen etter Beatles og kalla det ein «kultfavoritt» og «ein merkeleg, fengande electropop-gullkorn, om ein noko tvilsam fyr som prøver å hyre ein vikarierande sekretær». I 2014 vart «Temporary Secretary» rangert som den 167. beste songen gjennom tidene av kritikarane i magasinet NME. Dei skildra han som «ustabil electropop som høyrdest like mykje ut som han var føre si tid som han var utdatert.»
«Temporary Secretary» kom ut som den tredje singelen frå albumet, og berre på 12-tommar, i lag med den ti minuttar lange «Secret Friend» som B-sida. Singelen var avgrensa til 25 000 eksemplar, og gjekk derfor ikkje inn på lista nokon stad. Songen vart først framført på scenen tretti år seinare i O2 Arena i London den 23. mai 2015.
Innhald 12"-singel (12 R 6039) «Temporary Secretary» — 3:13 «Secret Friend» — 10:30
Medverkande Paul McCartney — vokal, gitar, bass, klaverinstrument, trommer
Andre versjonar 2005 — Den meksikanske gruppa Los Fancy Free på albumet Out of Place 2011 — Det tyske jentebandet Damenkapelle på albumet Damenkapelle (aus München). 2015 — Darkstar og Hayden Thorpe (frå Wild BeastsPå Soundcloud
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Temporary Secretary» frå , den 21. mai 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Paul McCartney-songar Kategori:Singlar frå 1980 Kategori:Songar skrivne av Paul McCartney Kategori:Songar produserte av Paul McCartney Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Songar frå 1980