Pipes of Peace er det fjerde studioalbumet til Paul McCartney, gjeve ut i 1983. Som oppfølgjaren til det populære Tug of War, selde albumet nesten like mykje i Storbritannia, men nådde berre 15. plassen på den amerikanske Billboard 200-lista. Pipes of Peace inneheld internasjonale hitsinglar som «Say Say Say» (i duett med Michael Jackson) og tittelsporet, men albumet fekk dårlegare kritikk enn føregangaren.
Bakgrunn og struktur Mange av songane på Pipes of Peace vart spelte inn i 1981 under innspelinga av Tug of War, og «Pipes of Peace», «The Other Me», «So Bad», «Tug of Peace» og «Through Our Love» vart spelte inn seinare, i september - oktober 1982. Albumet har slik sett mykje til felles med det førre albumet. Det vart produsert av George Martin med to samarbeid med same artist (denne gongen Michael Jackson; på Tug of War var det Stevie Wonder), og McCartney fortsette å spele med Ringo Starr, den tidlegare 10cc-gitaristen Eric Stewart og det vart den siste innspelinga hans med Wings-gitaristen Denny Laine. I november byrja McCartney å filme den sjølvskrivne filmen sin, Give My Regards to Broad Street, i lag med kona Linda, Ringo Starr og Tracey Ullman, og det tok opp det meste av tida hans i 1983. På grunn av filminga, og for å la det gå nok tid mellom det nye albumet og Tug of War, vart Pipes of Peace utsett til oktober.
Men i motsetnad til Tug of War, hadde albumet ein meir elektronisk stil. På sporet «Tug of Peace» blanda McCartney tittelsongen til Tug of War med tittelsporet får det nye albumet. Stephen Thomas Erlewine frå AllMusic skildra miksen som «ein nesten-electro-kollasj som driv songane i same området som McCartney II.
Utgjeving «Say Say Say» kom ut som den første singelen frå albumet i oktober 1983. Det var ein duett med Michael Jackson og nådde andreplassen i Storbritannia og gjekk heilt til topps i USA, der han låg i seks veker, inn i tidleg 1984. Pipes of Peace nådde fjerdeplassen i Storbritannia og 15. plassen i USA. Etter «Say Say Say», vart tittelsporet ein stor hit i Storbritannia, der han gjekk heilt til topps på lista. I USA nådde B-sida 23. plassen.Paul McCartney: Chart History. Billboard.com. Henta 22. mai 2018.
Nyutgjevingar I 1983 vart Pipes of Peace gjeve ut på CD på Columbia Records. I 1993 vart albumet nymastra og kom ut på CD som ein del av serien «The Paul McCartney Collection» med nokre bonusspor.
Albumet vart nymastra igjen og kom ut i 2015 som ein del av serien 'Paul McCartney Archive Collection'. Denne versjonen kom i ei utvida form med tre plater. Desse bestod av originalalbumet, ei bonusplate med stort sett demoversjonar av songane på originalplata og ei plate med ein film. Nyutgjevinga kom i lag med ein eksklusiv Record Store Day-singel, «Say Say Say (2015 Remix)».
Innhald Alle songar skrivne av Paul McCartney, utanom «Say Say Say» og «The Man» som er skriven i lag med Michael Jackson, og «Hey Hey» i lag med Stanley Clarke.
2015-utgåva I 2015 vart albumet gjeve ut på ny av Hear Music/Concord Music Group som ein del av Paul McCartney Archive Collection. Det kom ut i fleire format:
Standardutgåve 2-CD; det originale albumet på den eine plata og ni bonusspor på den andre Luksusutgåve 2CD/1DVD + 112 siders essaybok og 64 sider med bok frå bak kamera om musikvideoen for songen «Pipes of Peace» Nymastra vinyl
Plate 1 – nymastra album Det originale albumet.
Plate 2 – bonusplate
Enno ein song var mogeleg å laste ned frå paulmccartney.com «Say Say Say (Instrumental)» (2015 remix) - 3:41
Plate 3 – DVD «Pipes of Peace» musikkvideo «So Bad» musikkvideo «Say Say Say» musikkvideo «Hey Hey in Montserrat» (privatfilm, 3 min) «Behind the Scenes at AIR Studios» (ikkje utgjeven før 6 min) «The Man» (privatfilm, 4 min)
Medverkande Paul McCartney - bassgitar, gitar, piano, klaverinstrument, synthesizer, trommer, vokal Linda McCartney - klaverinstrument, korvokal Michael Jackson - vokal på «Say Say Say» og «The Man» Eric Stewart - gitar, korvokal Denny Laine - gitar, klaverinstrument, vokal Hughie Burn - gitar Geoff Whitehorn - gitar David Williams – gitar på «Say Say Say» Stanley Clarke - bassgitar, vokal Nathan Watts – bass på «Say Say Say» Chris Hammer Smith – munnspel på «Say Say Say» Bill Wolfer – klaverinstrument på «Say Say Say» Gavyn Wright - fiolin Jerry Hey - strykarar, horn Gary Herbig - fløyte Chris Hammer Smith - munnspel Andy Mackay - saksofon Ernie Watts - saksofon Gary Grant - horn Ringo Starr - trommer på «So Bad» og «Average Person» Steve Gadd - trommer Dave Mattacks - trommer Ricky Lawson – trommer på «Say Say Say» James Kippen - tabla på «Pipes of Peace» Petalozzi's Children's Choir - korvokal på «Pipes of Peace»
Salslister
Vekeslister Liste (1983–84)PlasseringAustralske Kent Music Report9Den austerrikske albumlista15Kanadiske RPM-lista10Den nederlandske albumlista11Den franske SNEP-lista13Den italienske albumlista8Den japanske Oricon-lista5Den newzealandske albumlista38Norske VG-lista1Den spanske albumlista 3Den svenske albumlista4Den sveitsiske albumlista12UK Albums Chart4US Billboard 20015Den vesttyske Media Control-lista20
Årslister Liste (1983)PlasseringDen australske albumlista89Den franske albumlista43Den italienske albumlista33UK Albums Chart33Liste (1984)PlasseringDen australske albumlista94Den kanadiske albumlista87Den japanske albumlista45Den spanske albumlista9UK Albums Chart67US Billboard Pop Albums98
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pipes of Peace» frå , den 22. mai 2018.
Kategori:Paul McCartney-album Kategori:Musikkalbum frå 1983 Kategori:Parlophone-album Kategori:Musikkalbum produserte av George Martin Kategori:Album spelte inn i Abbey Road Studios Kategori:Album spelte inn i heimestudio