«Pretty Little Head» er ein song av Paul McCartney, skriven av McCartney og 10cc-gitaristen Eric Stewart. Sonen kom ut på albumet Press to Play og var den 38. singelen til McCartney. Songen nådde ikkje singellistene. I eit forsøk på å auke salet vart dette den første singelen McCartney gav ut på kassett. Han nådde likevel ikkje salslista.
Utgjeving Singelen vart korta ned frå kring 5 minuttar på albumet til 3:50 på singelen (miksa av Larry Alexander), og på 12"-utgåva i ein 6:56 lang remix (miksa av John Potoker). Eit ekstra spor, «Angry», vart òg gjeven ut på 12"-versjonen. Kassettversjonen var lik 12"-versjonen og kom ut 17. november 1986.
Innhald 7"(R 6145) «Pretty Little Head» – 3:50 «Write Away» – 3:01
12" (12R 6145) «Pretty Little Head» – 6:56 «Angry» (Remix) – 3:36 «Write Away» – 3:01
Video Det vart laga ein musikkvideo, regissert av Steve Barron, til songen, med ei jente som rømmer heimefrå etter å ha sett foreldra krangle. Jenta vert spelt av Gabrielle Anwar. McCartney er berre med i videoen ei kort stund.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pretty Little Head (song)» frå , den 22. mai 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1986 Kategori:Paul McCartney-songar Kategori:Songar skrivne av Paul McCartney Kategori:Songar skrivne av Eric Stewart Kategori:Songar produserte av Paul McCartney Kategori:Songar produserte av Hugh Padgham Kategori:Musikkvideoar regisserte av Steve Barron