Johan Alfred Svendsen () var ein norsk bestillingsmann og politikar frå Arendal, stortingsrepresentant 1931-36 for Høgre og byane i Hedmark og Oppland.

Far til Svendsen var murmeister. Sjølv fekk han etter mellomskuleeksamen i 1902 arbeid på amtskontoret i Nedenes. I 1908 flytta han til Lillehammer og byrja i stilling som amtsfullmektig i dåverande Kristians amt. Sidan nyår 1919 var han fylkeskasserar i Oppland.

På Lillehammer let Svendsen seg velje til leiar av ei rad framståande organ, både offentlege og private. Såleis var han til ulike tider formann i fattigstyret, likningsnemnda, trygdenemnda og det lokale vinmonopolstyret. Frå 1923 til 1928 var ordførar i Lillehammer bystyre, medlem i bystyret til 1934. Elles var han formann i forstandarskapet til den lokale sparebanken og styremedlem i De Sandvigske Samlinger til 1929.

I to valperiodar frå 1931 til 1936 var Svendsen på Stortinget som representant frå dei fire kjøpstadene i Hedmark og Oppland; Hamar, Kongsvinger, Lillehammer og Gjøvik. I den fyrste treårsbolken var han medlem i Sosialkomiteen, i den siste bolken formann i same. Frå 1934 til dei politiske partia vart forbodne i 1940 var Svendsen sentralstyremedlem i Høgre. I 1938 utnemnd til medlem Den departementale befalskomite av 1938.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for byane i Hedmark og Oppland Kategori:Ordførarar i Lillehammer Kategori:Høgreordførarar i Oppland Kategori:Folk frå Arendal Kategori:Folk frå Lillehammer