Ernesto Guevara () var ein argentinsk lege, marxistisk revolusjonær og geriljaleiar på Cuba, kjend som Che Guevara.

I studietida var Che Guevara lite politisk aktiv, men var likevel med på studentdemonstrasjonar mot president Juan Perón. I 1952 og medan han enno studerte medisin, reiste den 23-årige Guevara og den 29-årige kameraten hans, Alberto Granado, gjennom delar av Sør-Amerika. Reisa tok fleire månadar og mykje taler for at revolusjonshelten «El Che» begynte å ta form på nettopp denne reisa. Ho førte middelklasseguten Guevara i direkte kontakt med armoda, utbyttinga og undertrykkinga som det store fleirtalet av befolkninga – landarbeidarar, urfolk, arbeidarar og fattigbønder – blei utsette for, og som framleis pregar fleire land i Latin-Amerika.

Det han opplevde på turen overtydde han om at berre ei revolusjonær omvelting kunne fjerne dei økonomiske ulikskapane og skape sosial rettferd. Med denne overtydinga starta han med å lese marxistisk litteratur og engasjere seg i revolusjonen i Guatemala under president Jacobo Arbenz Guzmán.

Seinare blei han medlem av 26. juli-rørsla til Fidel Castro. Castro kom til makta på Cuba i 1959. Etter å ha fungert som industriminister og sjef for nasjonalbanken, og etter å ha skrive fleire artiklar om geriljakrigføring, reiste han frå Cuba i 1965. Han ønskte å vere med i revolusjonar i andre delar av verda der økonomisk utbytting og sosial urettferd dominerte. Ferda gjekk først til Kongo-Kinshasa (seinare Den demokratiske republikken Kongo) og deretter til Bolivia der han blei tatt til fange i ein CIA-leia operasjon saman med den bolivianske hæren.

Medan Che Guevara sat i fangenskap i landsbyen La Higuera i Bolivia, blei han myrda den 9. oktober 1967 av ein boliviansk offiser. Årsaka var at CIA og bolivianske styresmakter ikkje ønskte ei offentleg rettssak og fengsling av Guevara i Bolivia. Dei frykta det kunne auke oppslutninga om dei revolusjonære ideane som han stod for. Men mordet på Che Guevara førte til at han blei eit førebilete for revolusjonære over heile verda.

Familie og oppvekst

Ernesto Guevara de la Serna blei fødd i Rosario i Argentina. Han var den eldste av fem sysken i ein familie av spansk, baskisk og irsk opphav. Fødselsattesten viser at han blei fødd 14. juni 1928, men somme meiner at rette fødselsdatoen er 14. mai 1928 og at fødselsattesten blei forfalska for ikkje å avsløre at mora hadde vore gravid i tre månader før bryllaupet (Anderson, 1997).

Guevara sine foreldre var politisk venstreorienterte, og onkelen Jorge Iturburru var kommunist og hadde kjempa mot fascismen i den spanske borgarkrigen. Allereie som ungdom gav Guevara uttrykk for radikale haldningar. Til tross for astmaen som plaga han heile livet og som òg gjorde at han blei erklært udyktig for militærteneste, var han ein røff rugbyspelar i ungdomsåra og fekk tilnamnet «Fuser» for sin aggressive spelestil. «Fuser» er ei kopling mellom «El Furibundo» (Den Rasande) og etternamnet åt mora, «De la Serna».

Faren lærte Guevara å spele sjakk og frå tolvårsalderen deltok han i fleire lokale turneringar. I tenåra blei han òg interessert i poesi, især i dikta til den chilenske poeten Pablo Neruda. Som det var vanleg for folk i Latin-Amerika med Guevara sin mellomklassebakgrunn, skreiv han også dikt gjennom heile livet. I tillegg var han ein entusiastisk lesehest med interesser som strekte seg frå dei lettare bøkene til forfattarar som Jack London og Jules Verne til essays av Sigmund Freud og filosofi av Bertrand Russell. Han utvikla òg interesse for fotografi og brukte mange timar på å fotografere folk og stader.

I 1948 begynte Guevara på medisinstudiar ved Universitetet i Buenos Aires. Etter nokre avbrot fullførte han studiane i mars 1953, men han tok aldri den kliniske praksisen som var kravet for å kunne praktisere som lege. I 1951 foreslo vennen og biokjemikaren Alberto Granado (29 år) at han og Guevara (23 år) skulle verkeleggjere reisa rundt i Sør-Amerika som dei hadde snakka om i mange år. Guevara lét seg ikkje be to gonger. Han og Alberto starta reisa frå heimbyen Alta Gracia på ein gammal Norton 500 kubikk motorsykkel med tilnamnet La Poderosa II (Den Mektige II). Målet for reisa var San Pablo Lepra-sjukehus ved Amazonaselva i Peru. Der ville dei arbeide nokre veker som frivillige medhjelparar. Reisa gjekk gjennom Argentina, Chile, Peru, Colombia og Venezuela. Che skreiv om reisa i Motorsykkeldagbøkene som blei omsett til norsk i 1995, og som i 2004 var utgangspunkt for innspelinga av ein film med same namn.

På motorsykkelturen fekk Che førstehandskunnskap til fattigdommen, maktesløysa og utbyttinga som det store fleirtalet av folkesetnaden blei utsett for av rikfolk og nordamerikanske konsern. Særleg gjekk det hardt ut over urfolket – indianarane – samt småbønder og venstreradikale arbeidarar. Desse opplevingane sette Che i samanheng med det han hadde lese av marxistisk litteratur, og han konkluderte med at ein revolusjon var det einaste som kunne fjerne økonomisk og sosiale urett i Latin-Amerika.

Reisa lærde òg Guevara å sjå på Latin-Amerika som ein einskap og ikkje som ei samling av separate nasjonar. Å frigjere Latin-Amerika frå den økonomiske og sosiale uretten, ville derfor krevje ein strategi som femna om heile kontinentet. Dette var òg grunnen til at han begynte å sjå for seg eit sameint Ibero-Amerika utan grenser og knytt saman av ein mestis-kultur, ein idé som seinare kom til å stå sentralt i den revolusjonære tenkinga og praksisen hans. Etter at han hadde vendt tilbake til Argentina frå motorsykkelturen, fullførte han medisinstudiane så fort han kunne. Han ville snarast mogleg besøke fleire land i Sør- og Mellom-Amerika.

Guatemala Etter at Guevara var ferdig med studiane ved Universitetet i Buenos Aires i 1953, reiste han gjennom Bolivia, Peru, Ecuador, Panama, Costa Rica, Nicaragua, Honduras og El Salvador, og enda til slutt opp i Guatemala. Jacobo Arbenz Guzmán var då president i landet. Han leidde ei folkevalt regjering som freista å redusere den økonomiske uretten i landet ved å gjennomføre ei jordreform. Jordreforma gjekk ut på å dele ut ikkje-dyrka jord til fattige og jordlause. Arbenz gav sjølv 680 hektar av familien sin eigedom til jordreforma. Like villig var ikkje Guatemalas største jordeigar, USA-selskapet United Fruit Company. Dei kjente seg sterkt truga av jordreforma, og var derfor aktiv for å få styresmakta i USA – og dermed også CIA – til å motarbeide Arbenz.

På denne tida fekk Guevara sitt berømte tilnamn «Che» fordi han ofte nytta det argentinske ordet Che (slang for «hei, kompis»). Den peruanske sosialisten Hilda Gadea var Guevara sin hovudkontakt i Guatemala og introduserte han for fleire toppolitikarar i Arbenz-regjeringa. I Guatemala kom Guevara også i kontakt med cubanske flyktningar som hadde sterke band til Fidel Castro. Blant flyktningane var Antonio «Ñico» López som seinare introduserte Guevara for Castro i Mexico. López blei drepen av den cubanske diktatoren Fulgencio Batista sine soldatar i 1956 etter at Granma kom til Cuba med Fidel Castro og 81 andre revolusjonære (sjå Granma.cu), mellom anna også Che Guevara og Ñico López om bord.

Den 15. mai 1954 la det svenske skipet Alfhem til kai i Guatemala. Skipet var lasta med handvåpen og lett artilleri som Arbenz-regjeringa hadde kjøpt av det kommunistiske Tsjekkoslovakia. CIA meinte det dreidde seg om 2000 tonn våpen og ammunisjon medan andre hevdar at det dreidde seg om berre 2 tonn (Anderson, 1997). USA meinte at våpensendinga prova at Arbenz var ein kommande alliert av Sovjetunionen. Arbenz på sin side forsvarte seg med at ingen andre enn Aust-Europa – truleg etter press frå USA – ønskte å selje våpen til Guatemala. Våpenkjøpet i Tsjekkoslovakia gav likevel USA det påskotet dei trong for å setje i verk eit kupp.

Medan Che Guevara var i El Salvador for å få eit nytt visum braut kuppet ut. Og då han returnerte til Guatemala var det CIA-støtta kuppet i full utvikling under leiing av Carlos Castillo Armas (sjå US Dep) Guevara kjempa i fleire dagar med ei væpna gruppe leidd av den kommunistiske ungdomsorganisasjonen i Guatemala. Han blei likevel oppfordra til å handsame såra og ikkje delta direkte i kampane. Like etter oppfordra Arbenz-regjeringa sine utanlandske tilhengjarar om å forlate landet, og etter at Hilda var blitt arrestert, tok Guevara tilflukt i det argentinske konsulatet og kom seg deretter over til Mexico by kor han i ein periode arbeidet ved sjukehuset Hospital General.

Den 27. juni 1954 tvinga kuppmakarane Arbenz til å seie frå seg presidentembetet og sette inn den USA-vennlege Carlos Enrique Díaz som president. Arbenz flykta til Mexico og deretter til Sveits.

Gjennom reisene sine og besøk i ulike land i Sør- og Mellom-Amerika hadde Che Guevara tileigna seg mykje informasjon om USA-intervensjonar i Latin-Amerika. Det CIA-støtta kuppet i Guatemala og den formidable makta som dei amerikanske storselskapa utøvde i Guatemala og i resten av regionen, styrkte derfor berre Guevara sitt syn på USA som ein imperialistisk stat som kjempa mot alle freistnadar på fjerne økonomisk utbytting og sosial urett. I sin tur medverka dette til å styrke overtydinga hans om at revolusjonar og innføring av sosialisme var einaste løysing.

Cuba under revolusjonen Medan Guevaras var i Mexico by levde også Fidel Castro i eksil der. Det var deira felles venn Antonio Ñico López frå Guateamala som førte dei saman. Like etter slutta Che Guevara seg til Castro si 26. juli-rørsle som tok sikte på å styrte den cubanske diktatoren Fulgencio Batista. Sjølv om meininga var at Guevara skulle vere lege for dei revolusjonære, deltok han i den militære treninga i Mexico saman med dei andre i 26. juli-rørsla. Oberst Alberto Bayo, ein cubanar som hadde kjempa i frigjeringskrigen mot Spania og som var dei revolusjonære sin instruktør, omtalte gjerne Guevara som den beste i gruppa trass i astmalidinga hans. I mellomtida var Hilda Gadea frigjeven i Guatemala og møtte Guevara i Mexico. Sommaren 1955 blei hun gravid og Guevara foreslo at dei burde gifte seg. Bryllaupet fann stad 18. august 1955 og dottera fekk namnet Hilda Beatríz.

mini|Che Guevara etter kampane om Santa Clara|left Den 25. november 1956 la båten Granma ut frå Tuxpan, Veracruz i Mexico, med Che Guevara som einaste ikkje-cubanarar om bord. Det var planlagt at Granma skulle komme til Cuba samstundes med at leiaren for 26. juli-rørsla i Oriente-regionen, Frank Pais, organiserte eit opprør i Santiago de Cuba, fastsett den 30. november 1956. Dårleg vêr og dårleg sjømannskap hos dei revolusjonære, gjorde at Granma blei hefta. Dermed blei også opprøret åt Frank Pais i Santiago raskt slått tilbake av politiet som dreiv País sine unge studentrevolusjonære på flukt.

Først 2. desember 1956 kom Granma til eit sumpområde i provinsen Oriente (i dag omdøypt til Granma) og mange mil sør om den planlagde landingsstaden, landsbyen Niguero, kor Celia Sánchez venta på dei med lastebilar, jeepar, våpen og ein styrke på vel 50 mann (sjå kart ). Tre dagar etter landkjenninga blei dei revolusjonære frå Granma åtaka av Batista sine troppar ved Alegria dei Pio. Vel halvparten blei drepne eller skotne då dei forsøkte å overgje seg. Til slutt var den revolusjonære styrken redusert til vel 20 personar som trekte seg tilbake til fjella i Sierra Maestra for å omgruppere, få kontakt med troppen til Celia Sánchez og å føre geriljakrig mot Batista-regimet. Che Guevara skreiv om kampane ved Alegria dei Pio i dagboka si .

Av dei 82 som hadde vore om bord på Granma var det berre 12 som nådde fram til Sierra Maestra. Desse var Fidel Castro, Raúl Castro, Che Guevara (skadd og blødande), Camilo Cienfuegos, Juan Almeida, Efigenio Amejeiras, Ciro Redondo, Julio Díaz, Calixto García, Luis Crespo, Jose Ponce og Universo Sanchez. (Sjå Landing of Granma.) «Vi skal vinne denne krigen,» skal Fidel Castro ha sagt til dei, «vi er berre så vidt komne i gang.»