«Fine Line» er ein song av Paul McCartney frå 2005 på albumet Chaos and Creation in the Backyard. McCartney spelar alle instrumenta på songen, inkludert trommer, bass og piano. Singelen kom ut 29. august 2005 som den første frå albumet i Storbritannia. Han nådde 20. plassen på UK Singles Chart, og var den siste singelen til McCartney på Topp 20 i Storbritannia. Songen nådde òg 31. plassen på den amerikanske Adult Contemporary-lista.
Eit konsertopptak av songen finst på konsert-DVD-en The Space Within US frå 2006.
Innhald 7" R6673 «Fine Line» – 3:05 «Growing Up Falling Down» – 3:27 CD CDR6673 «Fine Line» – 3:05 «Comfort of Love» – 3:08 CD «Fine Line» – 3:06 «Comfort of Love» – 3:09 «Growing Up Falling Down» – 3:27
Medverkande Medverkande i følgje plateomslaget. Paul McCartney - Vokal, Bösendorfer flygel, Baldwin spinett, Höfner bassgitar, Epiphone Casino elektrisk gitar, Martin D28 akustisk gitar, Ludwig trommer, shaker, tamburin Millennia Ensemble – strykarar Joby Talbot – dirigent, arrangement
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Fine Line» frå , den 26. mai 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 2005 Kategori:Paul McCartney-songar Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Songar skrivne av Paul McCartney Kategori:Songar produserte av Nigel Godrich Kategori:Songar frå 2005