First Step var debutalbumet til den britiske gruppa Faces, gjeve ut tidleg i 1970. Albumet kom ut berre nokre få månader etter Faces hadde oppstått frå oska av Small Faces (der Ronnie Lane, Kenney Jones og Ian McLagan kom frå) og The Jeff Beck Group (der Rod Stewart og Ronnie Wood kom frå). I Nord-Amerika vart albumet utgjeve som Small Faces. På plateomslaget kan ein sjå Ronnie Wood halde eit eksemplar av gitarlæreboka til Geoffrey Sisley, First Step: How to Play the Guitar Plectrum Style.

Den 28. august 2015 kom albumet ut på ny med ny digital lyd og bonusspor, inkludert to songar som ikkje var gjevne ut før, spelt inn kort tid etter albumet kom ut, «Behind the Sun» og «Mona the Blues».

Albumet vart spelt inn i De Lane Lea Studios i London kort tid etter gruppa offisielt var skipa (sjølv om bandmedlemmene hadde spelt i lag i forskjellige kombinasjonar sidan april 1969). Albumet nådde 119. plassen på Billboard-lista i USA då det kom.

Innhald

All solovokal av Rod Stewart, utanom der andre er nemnde.

Medverkande Rod Stewart - solo- og korvokal, munnspel, banjo (spor 4) Ronnie Lane - bass-, rytme- og akustisk gitar, korvokal, solovokal (spor 4), co-solovokal (spor 2,3 & 8) Ronnie Wood - solo-, rytme- og akustisk gitar, andre bassgitar (spor 10), korvokal Ian McLagan - Hammondorgel, Wurlitzer elektrisk og akustisk piano, korvokal Kenney Jones - trommer og perkusjon Martin Birch - lydteknikar Faces - produsent

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «First Step (album)» frå , den 29. mai 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Debutalbum frå 1970 Kategori:Faces-album Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Album produserte av Kenney Jones Kategori:Album produserte av Ronnie Lane Kategori:Album produserte av Ian McLagan Kategori:Album produserte av Ronnie Wood Kategori:Album produserte av Rod Stewart