«Maggie May» er ein song av Rod Stewart, som han skreiv i lag med Martin Quittenton. Songen kom ut på Stewart-albumet Every Picture Tells a Story i 1971.
I 2004 rangerte musikkmagasinet Rolling Stone songen på 131. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.
Bakgrunn «Maggie May» uttrykkjer ambivalensen og dei motstridande kjenslene til ein gut som er i eit forhold med ei eldre kvinne, og vart skriven basert på Stewart si eiga erfaring. I januar 2007 fortalte Stewart i Q: «Maggie May var meir eller mindre ei sann soge om den første kvinna eg hadde sex med, på Beaulieu Jazz Festival i 1961.» Kvinna heitte ikkje Maggie May, og Stewart har sagt at namnet var henta frå ein gammal song frå Liverpool om ei prostituert kvinne.
Songen vart spelt inn på berre to forsøk. Trommeslagaren Micky Waller kom ofte til innspelingane i den tru at trommesettet var rigga opp og klårt, men då han kom til innspelinga for «Maggie May», mangla cymbalane. Desse vart derfor lagt til som ekstra lydspor nokre dagar seinare.Rod – The Autobiography
Songen vart gjeven ut som B-side til singelen «Reason to Believe», men etter kort tid byrja radiostasjonane i staden å spele B-sida og «Maggie May» vart meir populær. Songen vart den første store hitten til Stewart som soloartist og vart gjennombrotet hans. Det er i dag framleis ein av dei mest kjende songane hans. Songen vart framført på Top of the Pops i lag med Faces og DJ John Peel, som lata som han spelte mandolin (mandolinisten på innspelinga var Ray Jackson frå Lindisfarne).
Albumversjonen av «Maggie May» startar med ein 30 sekundar lang gitarintro kalla «Henry» og skriven av Martin Quittenton. Ein versjon av Faces spelt inn for BBC Radio kom ut på plateboksen Five Guys Walk into a Bar.... Eit konsertopptak i 1993 av Stewart med Ronnie Wood for MTV Unplugged er med på albumet Unplugged...and Seated.
Salslister I oktober 1971 gjekk songen til topps på UK Singles Chart og låg der i fem veker, og samstundes gjekk songen til topps i USA. Every Picture Tells a Story gjekk òg samstundes til topps på albumlista. Billboard rangerte songen på andreplass for heile 1971. Songen toppa òg lista i Australia i fire veker.
I desember 1976 gjekk songen inn att på den britiske singellista og nådde då 31. plassen.
Vekeslister Liste (1971)PlasseringAustralia Go-Set National Top 401Canada1Tyskland 11Ireland 2New Zealand3Sveits5UK1US Billboard Hot 100[Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955–2002]1US Cash Box Top 1001
Liste (1976)PlasseringIrland 13UK31
Årslister Liste (1971)PlasseringCanada19UK2US Billboard Hot 100«Top Pop 100 Singles» Billboard 25. desember 1971: TA-362US Cash Box Top 10023
Medverkande Rod Stewart – solovokal Ronnie Wood – elektrisk gitar, 12-strengsgitar, bassgitar Martin Quittenton – akustisk gitar Micky Waller – trommer, cymbal Ian McLagan – Hammondorgel Ray Jackson – mandolin Pete Sears – celesta
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Maggie May» frå , den 30. mai 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1971 Kategori:Singlar frå 1971 Kategori:Rod Stewart-songar Kategori:Songar produserte av Rod Stewart Kategori:Songar om kvinner Kategori:Songar om seksualitet Kategori:Songar skrivne av Martin Quittenton Kategori:Songar skrivne av Rod Stewart Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Nummer-ein-singlar i Australia Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-singlar i Canada Kategori:Mercury Records-singlar Kategori:The Pogues-songar Kategori:Wet Wet Wet-songar Kategori:Blur-songar Kategori:Melissa Etheridge-songar Kategori:Garth Brooks-songar