Vera Jakovlevna Komisova () er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Leningrad som tevla for Sovjetunionen og vart olympisk meister på 100 meter hekk i 1980.
Komisova vart sovjet-meister på 100 m hekk i 1979. Året etter vann ho den olympiske gullmedaljen i øvinga då dei olympiske sommarleikane 1980 fann stad i Moskva, framfor europameisteren Johanna Klier. Fire dagar etter gulløpet på hekken sprang Komisova den fyrste etappen for Sovjetunionen i 4 x 100 m stafett, ei tevling som enda med sølvmedalje for Komisova og lagveninnene, eit halvt sekund bak Aust-Tyskland. Den 5. august, berre åtte dagar etter OL-sigeren, sette Komisova personleg rekord på korthekken med tida 12,39 sekundar.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1980 i Moskva: Gullmedalje på 100 m hekk – 12,56, framom Johanna Klier (12,63). Sølv i 4 x 100 m stafett EM 1982 i Aten: Nr 6 – 12,92
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Wera Jakowlewna Komissowa» frå , den 1. juni 2018.
World Athletics
Kategori:Sovjetiske hekkeløparar Kategori:Sovjetiske sprintarar Kategori:Russiske hekkeløparar Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1980 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980