«The First Cut Is the Deepest» er ein song frå 1967 skriven av Cat Stevens, opphavleg gjeven ut av P.P. Arnold i mai 1967. Stevens sin eigen versjon kom ut på albumet New Masters i desember 1967.

Songen er blitt mykje spelt av andre artistar og er blitt ein hitsingel for fem forskjellige artistar: P.P. Arnold (1967), Keith Hampshire (1973), Rod Stewart (1977), Papa Dee (1995) og Sheryl Crow (2003).

Cat Stevens-versjonen Stevens spelte inn ein demo av «The First Cut Is the Deepest» i 1965, men håpte opphavleg på å bli låtskrivar for andre. Han skreiv songen tidlegare for å marknadsføre songen til andre artistar, men spelte han ikkje inn sjølv før tidleg i oktober 1967 med gitaristen Big Jim Sullivan, og han kom ikkje ut før på det andre albumet hans, New Masters, i desember 1967. Han selde songen for 30 pund til P.P. Arnold, og han vart ein stor hit for ho, og sidan ein internasjonal hit for Keith Hampshire, Rod Stewart og Sheryl Crow. Songen har gjeve Stevens fleire prisar mellom anna to frå ASCAP for «Årets låtskrivar» i 2005 og 2006.

Medverkande Cat Stevens - solo- og korvokal, akustisk gitar, piano Big Jim Sullivan - elektrisk gitar Herbie Flowers - bassgitar Chris Hunt - trommer

P.P. Arnold-versjonen Songaren P.P. Arnold fekk den første hitversjonen av songen, då ho nådde 18. plassen på UK Singles Chart med versjonen sin i mai 1967. Arnold sin versjon har eit ganske kjapt tempo, sjelfull vokal med cembalo, horn og strykarar. Songen vart nytta i filmen Seven Psychopaths.

Keith Hampshire-versjonen Keith Hampshire hadde den første versjonen av songen som gjekk til topps på ei singelliste, då han nådde toppen av den kanadiske singellista i 1973. Han toppa òg den kanadiske Adult Contemporary-lista.http://www.bac-lac.gc.ca/eng/discover/films-videos-sound-recordings/rpm/Pages/image.aspx?Image=nlc008388.4813&URLjpg=http%3a%2f%2fwww.collectionscanada.gc.ca%2fobj%2f028020%2ff4%2fnlc008388.4813.gif&Ecopy=nlc008388.4813 Singelen gjekk inn på lista, men nådde ikkje Topp 40 på lista i USA.

Rod Stewart-versjonen

Stewart spelte inn songen i Muscle Shoals Sound Studio i Sheffield i Alabama i USA, og kom ut i 1976 på albumet hans A Night on the Town. Songen vart gjeven ut på ei dobbel A-side med «I Don't Want to Talk About It». Dette vart ein stor suksess og singelen låg fire veker på toppen av UK Singles Chart i mai 1977. Songen nådde òg 11. plassen i Canada i april og 21. plassen på Billboard Hot 100 i USA. I 1993 spelte han songen live for MTV Unplugged. Denne vart inkludert på albumet Unplugged...and Seated.

Salslister

Vekeslsiter Liste (1977)PlasseringAustralia KMR 19Canada RPM 11Tyskland 1Irland4Nederland 1New Zealand 5UK1U.S. Billboard Hot 100Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-200221U.S. Billboard Adult Contemporary43U.S. Cash Box Top 100. Cash Box magazine. Henta 16. juni 2016.17

Årslister Liste (1977)PlasseringAustralia 70Canada110UK4U.S. (Joel Whitburn's Pop Annual)136

Papa Dee-versjonen

Den svenske rap-, ragga- og dancehall-musikaren Papa Dee spelte inn ein reggaeversjon av «The First Cut Is the Deepest» i 1995. Det var den største hitten hans i Europa.

Salslister Vekeslister Liste (1995) PlasseringEuropa (Eurochart Hot 100)66Island (Íslenski Listinn Topp 40)38

Sheryl Crow-versjonen

Sheryl Crow-versjonen av «The First Cut Is The Deepest» var den første singelen frå samlealbumet hennar The Very Best of Sheryl Crow i 2003. Det vart ein av dei største radiohittane til Crow og han låg 36 veker på Billboard Hot 100. Det vart òg den første hitten til Crow på Topp 40 av countrylista i USA. Songen nådde 14. plassen på Billboard Hot 100 og toppen av AC-lista

Versjonen til Crow vart nytta i den romantiske komedien Must Love Dogs i 2005. Han er òg nytta i ein episode av The Sopranos og One Tree Hill.

Musikkvidoeen til songen vart regissert at Wayne Isham. Crow-singelen vart nominert til Grammyprisen for beste kvinnelege popsong, men tapte for «Sunrise» av Norah Jones.

Salslister

Vekeslister Liste (2003–04) Plassering Australian ARIA Charts 50 Den austerrikske singellista 31 Den brasilianske singellista (ABPD)59 Irish Singles Chart 13 New Zealand RIANZ Charts 19 Polen (ZPAV) 42 UK Singles Chart 37

Årslister Liste (2004)PlasseringUS Billboard Hot 10028

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The First Cut Is the Deepest» frå , den 3. juni 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1967 Kategori:Singlar frå 1967 Kategori:Singlar frå 1977 Kategori:Singlar frå 1995 Kategori:Singlar frå 2003 Kategori:Cat Stevens-songar Kategori:P.P. Arnold-songar Kategori:Rod Stewart-songar Kategori:Sheryl Crow-songar Kategori:Musikkvideoar regisserte av Wayne Isham Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-singlar i Canada Kategori:Songar på toppen av Billboard Adult Contemporary-lista Kategori:Songar skrivne av Cat Stevens Kategori:Musikkvideoar regisserte av Bruce Gowers Kategori:Songar produserte av Mike Hurst Kategori:Songar produserte av Tom Dowd Kategori:Immediate Records-singlar Kategori:Riva Records-singlar Kategori:Warner Bros. Records-singlar Kategori:A&M Records-singlar Kategori:Songar om svik