Body Wishes er det 12. studioalbumet til Rod Stewart, gjeve ut 10. juni 1983 på Warner Bros. Records (WEA 92-3877-1). Albumet vart spelt inn og miksa i The Record Plant i Los Angeles. Det vart gjeve ut tre singlar frå albumet, «Baby Jane», «What Am I Gonna Do (I'm So in Love with You)» og «Sweet Surrender».
Plateomslaget er ei hyllest til omslaget av Elvis Presley-albumet 50,000,000 Elvis Fans Can't Be Wrong.
Mottaking Body Wishes har fått dårlege meldingar. Då det kom ut gav Rolling Stone det to av fem stjerner og kalla det «han siste og ganske visst hans dårlegaste», sjølv om dei likte opningssongen «Dancin' Alone», og kalla han «ein Chuck Berry-aktig Rock & Roller som er både livleg og vittig». Stephen Thomas Erlewine i AllMusic gav seinare albumet 1,5 av 5 stjerner og kalla det «eit av dei dårlegaste Rod Stewart-albuma.» I same melding vert likevel «Baby Jane» og «What Am I Gonna Do (I'm So in Love with You)» trekt fram som «førsteklasses synth-prega pop/rock-fyll, som høyrest «vesentleg» ut samanlikna med dei andre songane på albumet.
Innhald
Medverkande Rod Stewart – solovokal Jim Cregan – gitar, korvokal Robin LeMesurier – gitar Jay Davis – bassgitar, korvokal Tony Brock – trommer, perkusjon Kevin Savigar – klaverinstrument, synthesizer Tommy Vig – perkusjon Jimmy Zavala – saksofon, munnspel Miksa av George Tutko, Jim Cregan, and Rod Stewart
Salslister Body Wishes nådde femteplassen i Storbritannia og selde til platinaplate der 18. juli 1983. I USA fekk det ikkje noko salstrofé, men nådde 30. plassen på albumlista.
+ Singlar År Song Plassering 1983 «Baby Jane» 1 (Storbritannia), 14 (USA), 1 (GER) 1983 «What Am I Gonna Do (I'm So in Love with You)» 3 (Storbritannia), 35 (USA), 9 (GER) 1983 «Sweet Surrender» 23 (Storbritannia), 42 (GER)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Body Wishes» frå , den 4. juni 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff http://www.rodstewartfanclub.com/about_rod/disco/album_detail.php?album_id=7
Kategori:Rod Stewart-album Kategori:Musikkalbum frå 1983 Kategori:Album produserte av Tom Dowd Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Plateomslag av John Kosh