Yvette Winifred Williams () var ein newzealandsk friidrettsutøvar frå Dunedin som i 1952 vart olympisk meister i lengdehopp.

mini|venstre|Yvette Williams i 1954

Under samveldeleikane 1950 i Auckland vann Williams lengdehopp med 5,91 m. Året etter sette ho personleg rekord med 6,13 m, einast to kvinnelege lengdehopparar kunne den gongen vise til betre resultat i øvinga.

Sommaren 1952 landa ho i den fjerde omgangen av lengdetevlinga under dei olympiske leikane i Helsinki på 6,24 m, og tok over leiinga frå sovjetiske Aleksandra Tsjudina som hadde nådd 6,14 m i andre omgang. Ingen av dei to, som stod i ein klasse for seg i tevlinga, makta forbetre seg og det vart gull til Williams og sølv til Tsjudin. I sommarleikane deltok Williams også i øvingabe kulestøyt og diskoskasting, der ho vart høvesvis nummer 6 og 10.

I februar 1954 sette Williams i Gisborne verdsrekord i lengdehopp med 6,29 m, ein rekord som stod i 18 månader. Ved samveldeleikane 1954 i august i Vancouver vann Williams tre av tevlingane, både i lengdehopp, kulestøyt og diskoskast stod ho att som den klare einaren.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Yvette Williams» frå , den 6. juni 2018.

World Athletics

Kategori:Newzealandske friidrettsutøvarar Kategori:Lengdehopparar Kategori:Olympiske meistrar for New Zealand Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1952 Kategori:Newzealandske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952 Kategori:Folk frå Dunedin