Hallvard Lie () var ein norsk filolog frå Nord-Fron, ein pioner i litterær stilforskning og viktig bidragsytar til sagaforskninga og forståinga av skaldediktinga.
Lie tok examen artium på latinlinja ved Eidsvoll landsgymnas i 1926 og magistergraden i norrøn filologi ved Universitetet i Oslo i 1936 på avhandlinga Studier i Heimskringlas stil. Frå 1937 til -48 var han bibliotekar ved Universitetsbiblioteket i Oslo. Han vart dr. philos. i 1948 på avhandlinga Jorvikferden og var dosent ved Universitetet i Oslo til 1955.
Frå 1955 var han professor i litteraturhistorie med særleg vekt på mellomalderlitteratur. I 1967 gav Lie ut Norsk verselære og han omsette både Njåls, Egils og Gisle Surson-sagaene og skreiv ei rekke artiklar om skaldediktinga.
Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957
Kategori:Norske litteraturprofessorar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Folk frå Nord-Fron