Ass er det fjerde studioalbumet til det britiske rockebandet Badfinger, og det siste dei gav ut på Apple Records. Opningssporet «Apple of My Eye» syner til at bandet forlét selskapet for å gå over til Warner Bros. Records.

Plateomslaget syner eit esel («ass» på engelsk) som jagar ei gulrot i det fjerne, og syner til kjensla Badfinger sat med at dei var ført bak lyset av Apple. Omslaget vart måla av den Grammyprisvinnande kunstnaren Peter Corriston, som seinare laga plateomslag for Led Zeppelin (Physical Graffiti) og The Rolling Stones (Some Girls, Tattoo You).

Innspeling og forseinka utgjeving Sjølv om innspelingane av albumet byrja så tidleg som i 1972, kort tid etter utgjevinga av Straight Up, kom ikkje Ass ut før 26. november 1973 i USA og mai 1974 i Storbritannia. Albumet vart først forseinka på grunn av kvaliteten på produksjonen, då bandet prøvde å produsere albumet sjølv etter at produsenten Todd Rundgren gav seg med prosjektet etter berre to songar. Etter den første versjonen av albumet vart avvist av selskapet, tok Apple-lydteknikaren Chris Thomas over som produsent for å betre innspelinga og kome med eit nytt utval av songar.

Albumet vart vidare forseinka på grunn av ei usemje mellom Apple og leiinga til Badfinger om opphavsretten. Halvparten av songane på Ass vart skrivne av Joey Molland. Molland hadde aldri signert ein forlagskontrakt med Apple Music, slik bandkollegaene hadde. I staden laga Molland individuelle opphavsrettar for songane han skreiv for Badfinger-albuma på Apple Music etter produksjonen. Den dåverande manageren til Badfinger, Stan Polley, prøvde å bruke mangelen på ein avtale mellom Apple og Mollan til å blokkere utgjevinga av albumet. Han sa at Molland ikkje måtte gå med på individuelle avtalar og Molland gjekk med på dette. For å kome seg rundt strategien til Polley, vart alle songane på albumet berre tilskrivne «Badfinger», og ikkje den faktiske låtskrivaren av songen.

Utgjeving Ass nådde 122. plassen på Billboard 200 i USA. Singelen «Apple of My Eye» nådde berre 102. plassen på Billboard si «Bubbling Under»-lista i Amerika. Utgjeinga av Ass førte til at det første albumet deira for Warner Bros. vart forseinka. Etter at albumet vart sletta frå Apple-katalogen dukka store mengder av plata opp i billigkassane i amerikanske plateforretningar i 1970-åra.

Den originale CD-utgåva frå 1990-åra er i dag sjeldan fordi han berre kom ut i nokre få land (Storbritannia, Canada og Japan) i ein avgrensa periode. Albumet vart nymastra og gjeve ut på ny i 2010.

Innhald

Medverkande Pete Ham - solo- og rytmegitar, klaverinstrument, solo- (1,10) og korvokal Tom Evans – bassgitar, solo- (5,7) og korvokal Joey Molland – solo- (2-4,6,9) og korvokal, rytme- og sologitar, klaverinstrument Mike Gibbins – trommer, solo- (8) og korvokal

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ass (album)» frå , den 10. juni 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:Badfinger-album Kategori:Apple Records-album Kategori:Album produserte av Chris Thomas Kategori:Album produserte av Todd Rundgren Kategori:Album spelte inn i Apple Studios Kategori:Album spelte inn i Morgan Sound Studios Kategori:Plateomslag av Peter Corriston