Robert Leroy Johnson () var ein USA-amerikansk bluesmusikar frå Mississippi. Innspelingane hans frå 1936 og 1937, som står som milepålar i musikkhistoria, syner ein kombinasjon av synging, gitardugleik og talent for låtskriving som har påverka seinare generasjonar av musikarar. Det skuggelagte og dårleg dokumenterte livet til Johnson, som døydde berre 27 år gammal, har gjeve liv til legendestatusen hans. Ei Faust-aktig segn skal ha det til at han selde sjela si til djevelen ved eit lokalt vegkryss i Mississippi for å få suksess. Som ein omreisande artist som hovudsakleg spelte på gatehjørne, på juke joints og til dans på laurdagskveldar, fekk Johnson lite kommersiell suksess eller offentleg respekt medan han levde.
Etter at innspelingane hans kom ut på ny i 1961 på LP-plata King of the Delta Blues Singers, nådde musikken hans ut til eit større publikum. Johnson vert i dag rekna som ein meister innan blues, særleg Mississippi Delta blues-stilen. Han er omtalt av mange rockemusikarar som ei viktig inspirasjonskjlde. Blues- og rockemusikaren Eric Clapton har kalla Johnson «den viktigaste bluessongaren som nokon gong har levd.»LaVere, Stephen (1990). Booklet accompanying Complete Recordings. Sony Music Entertainment. s. 26.
Johnson vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame under den første seremonien i 1986, som ei tidleg inspirasjonskjelde for rock and roll.«Robert Johnson Inducted at the 1986 Induction Ceremony». Rock and Roll Hall of Fame and Museum. I 2003 vart Johnson rangert på femteplassen på lista til magasinet Rolling Stone over dei 100 beste gitaristane gjennom tidene.
Diskografi
Det vart gjeve ut elleve 78-plater av Johnson på Vocalion Records medan han levde. Ei tolvte plate kom ut etter han var død.Komara 2007, s. 63–68.
The Complete Recordings kom ut 28. august 1990 og inneheld nesten alt Johnson spelte inn, 29 innspelingar i alt og 12 alterantive opptak.Awards List for Robert Johnson. The Awards Insider. Los Angeles Times. Henta 15. august 2010.
For å feire 100-årsdagen til Johnson gav Sony Legacy den 8. mai 2011 ut Robert Johnson: The Centennial Collection, med alle dei 42 innspelingane hansLaVere, Stephen C. (2011). Liner notes for Robert Johnson: The Centennial Collection. Legacy Recordings. pp. 20–21. og to korte fragment.
Rock and Roll Hall of Fame Rock and Roll Hall of Fame tok med fire songar av Johnson på lista ssi over «500 songar som forma rock and roll».
Innspelingsår Tittel 1936 «Sweet Home Chicago» 1936 «Cross Road Blues» 1937 «Hellhound on My Trail» 1937 «Love in Vain»
Hyllestalbum Blant hyllestalbuma til Robert Johnson finn ein: År Artist Album 1998 Peter Green Splinter Group The Robert Johnson Songbook 2000 Peter Green Splinter Group Hot Foot Powder 2001 Peter Green Splinter Group Me and the Devil 2003 John Hammond At the Crossroads 2004 Eric Clapton Me and Mr. Johnson (CD) og Sessions for Robert J (DVD+CD) 2006 Rory Block The Lady and Mr Johnson (2007) 2006 Thunder Robert Johnson's Tombstone 2010 Todd Rundgren Todd Rundgren's Johnson 2011 Big Head Blues Club 100 Years of Robert Johnson
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Robert Johnson» frå , den 11. juni 2018. oppgav desse kjeldene: Komara, Edward (2007). The Road to Robert Johnson: The Genesis and Evolution of Blues in the Delta from the Late 1800s Through 1938. Hal Leonard.
Bakgrunnsstoff
Robert Johnson dødsattest . State of Mississippi.
Kategori:Folk frå Hazlehurst i Mississippi Kategori:Afroamerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:Afroamerikanske gitaristar Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske bluesgitaristar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:Delta blues-musikarar Kategori:Country blues-musikarar Kategori:Country blues-songarar Kategori:Slidegitaristar Kategori:Bluesmusikarar frå Mississippi Kategori:Blues Hall of Fame Kategori:Rock and Roll Hall of Fame Kategori:Myrda musikarar Kategori:Uløyste dødsfall