mini|Kart med Kina merka raudt og medlemmer av Asiatisk infrastrukturinvesteringsbank, Asian Infrastructure Investment Bank, i oransje, og dei seks transportkorridorane i svart. Belte- og veg-initiativetBenedicte Sørum. «Kina legger ut på frierferd». Klassekampen. 2018-07-23. S. 14-5. «[...] belte- og veginitiativet (BRI)» (kinesisk 一帶 一路 / 一带 一路, pinyin yi dài yi lù , 'eit belte ein veg', engelsk Belt and Road Initiative (BRI)) er eit kinesisk utviklingsprosjekt som går ut på å investera og byggja infrastruktur i ei rekkje land. Politikken er rekna som ein hjørnestein i Xi Jinping sin utanrikspolitikk, og blei offisielt teken i bruk av kinesiske styresmakter i 2013.
Bana mellom hovudstaden i Laos og grensa til Kina (Boten–Vientiane-bana) vart bygd som del av BRI. Ho opna i 2021. Eit anna prosjekt er byggjestart på Bangkok–Nong Khai-høgfartsbana, med uklar finansiering på strekninga Nong Khai til Nakhon Ratchasima, og med berre omlag 3,5 kilometer bane bygd per 2019.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Belt and Road Initiative» frå , den 25. juni 2020.
Bakgrunnsstoff
Offisiell nettstad Alt klart for motorvei til Kina. 31. juli 2019. dinside.no
Kategori:Kinesisk utanrikspolitikk