mini|Prideflagg som representerer transpersonar.

Transkjønna personar har ein kjønnsidentitet eller eit kjønnsuttrykk som skil med kjønnet dei vart tillagt ved fødsel. Transkjønn har dels overlappande tyding med transseksuell og kjønnsinkongruens. Omgrepet femner i tillegg til personar med kjønnsidentitet motsett den tildelt ved fødsel (transmenn og transkvinner) også personar som overskrid eller rører seg mellom feminin og maskulin og lever parallelt med, og ikkje innanfor, tokjønnsmodellen.Gay and Lesbian Alliance Against Defamation. "GLAAD Media Reference Guide – Transgender glossary of terms" , "GLAAD", USA, May 2010. Retrieved 2011-02-24. "An umbrella term for people whose gender identity and/or gender expression differs from what is typically associated with the sex they were assigned at birth." "Yet Jordan and Nick represent a segment of transgender communities that have largely been overlooked in transgender and student development research – individuals who express a non-binary construction of gender[.]" Andre definisjonar av transkjønn har med personar som tilhøyrer eit tredje kjønn, eller ser transkjønna som det tredje kjønnet.Susan Stryker, Stephen Whittle, The Transgender Studies Reader (), page 666: "The authors note that, increasingly, in social science literature, the term "third gender" is being replaced by or conflated with the newer term "transgender."Joan C. Chrisler, Donald R. McCreary, Handbook of Gender Research in Psychology, volume 1 (2010, ), page 486: "Transgender is a broad term characterized by a challenge of traditional gender roles and gender identity[. ...] For example, some cultures classify transgender individuals as a third gender, thereby treating this phenomenon as normative."

Å definere seg som transkjønna seier ingenting om seksuell legning: transkjønna har same legningsspekteret som hine og kan definere seg som heteroseksuelle, homoseksuelle, biseksuelle, panseksuelle, aseksuelle, eller avstå frå å setje noko merkelapp på den seksuelle legninga si. Omgrepet transkjønn femner ikkje intersex, ein term som vert brukt om personar som er fødd med fysiske kjønnskarateristika som ikkje passar med den typiske tokjønnsmodellen av kvinnelege og mannlege kroppar. Ein annan term som vert brukt om kjønnsidentitet er cis-kjønn, eit omgrep som vert brukt om personar med kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk som svarer til kjønnet dei var tillagt ved fødsel.

Mange transkjønna opplever kjønnsdysfori, altså sterk kvide på grunn av mangel på samsvar mellom kroppslege eigenskapar og identitet, og somme vender seg til lækjarar og helsetenester for å få medisinsk hjelp i form av hormonterapi, kjønnsstadfestande kirurgi eller psykoterapi.Victoria Maizes, Integrative Women's Health (2015, ), page 745: "Many transgender people experience gender dysphoria—distress that results from the discordance of biological sex and experienced gender (American Psychiatric Association, 2013). Treatment for gender dysphoria, considered to be highly effective, includes physical, medical, and/or surgical treatments [...] some [transgender people] may not choose to transition at all." Det er ikkje alle transkjønna personar som ønskjer slik behandling, medan andre ikkje kan få det av helsemessige grunnar eller fordi dei ikkje har råd.

Det er utbreidd diskriminering av transkjønna i arbeidslivet og når det gjeld tilgang til offentlege tilbodGay and Lesbian Alliance Against Defamation. "Groundbreaking Report Reflects Persistent Discrimination Against Transgender Community" , GLAAD, USA, February 4, 2011. Retrieved 2011-02-24. og helsetenester. Mange stader har ikkje transkjønna lovvern mot diskriminering.Whittle, Stephen. "Respect and Equality: Transsexual and Transgender Rights." Routledge-Cavendish, 2002.

Lovgjeving mini|Camille Cabral, ein fransk transaktivist på ein demonstrasjon i Paris i 2005. I somme land legg lovverket til rette for at folk kan endre juridisk kjønn og namn slik at det speglar kjønnsidentiteten deira. Kva som kravst for at ein skal få gjere det ymsar frå klår, formell diagnose av kjønnsinkongruens, til at ein lækjar går god for at personen treng å skifte juridisk kjønn eller har annan kjønnsrolle. I Noreg er det frå 1. juli 2016 opp til ein sjølv å avgjere om ein skal skifte juridisk kjønn. Før 2016 måtte ein diagnostiserast, gjennomgå medisinsk behandling og late seg sterilisere/kastrere for å få byte juridisk kjønn.Endring av juridisk kjønn, «Endring av juridisk kjønn», helsenorge.no

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Transgender» frå , den 6. oktober 2018.

Bakgrunnsstoff

Vidare lesnad Kristin Fridtun: Kjønn og ukjønn : ordhistoriske essay, Samlaget 2015, ISBN 9788252188196 Elsa Almås og Esben Ester Pirelli Benestad: Kjønn i bevegelse, Universitetsforlaget 2007, ISBN 9788215000763

Kategori:LHBT