Ulrich Stielike, kjend som Uli Stielike, () er ein tysk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Ketsch i Baden-Württemberg. Han var ein mykje stødig midtstoppar og/eller defensiv midtbanespelar som vart europameister med Vest-Tyskland i 1980 og dessutan vann ei mengd pokalar med Borussia Mönchengladbach, Real Madrid og Neuchâtel Xamax. Stielike er, saman med Rainer Bonhof og Manfred Kaltz, dei einaste som har spelt finale i både VM-, EM-, europacupen, cupvinnarcupen og UEFA-cupen.

Klubbspel Stielike fekk kontrakt med det vesttyske topplaget Borussia Mönchengladbach i 1973 og spelte på laget i fire og eit halvt år. Gjennom desse sesongane var han med å vinne bundesligaen tre år på rad, og elles vinne den vesttyske cupfinalen 1973 og UEFA-cupen i 1975. I sin siste kamp med Borussia, europacupfinalen 1977, måtte han tole tap mot Liverpool FC.

Sommaren 1977 vart Stielike overført til spanske Real Madrid. Dei tre fyrste åra med Madrid-laget sanka han tre nye ligatitlar. I tillegg var han med å vinne den spanske cupen både i 1980 og 1982, derimot gjekk han på tap i finalane i høvesvis europacupen 1981 mot Liverpool FC og cupvinnarcupen 1983 mot Aberdeen FC. Våren 1985 var han på plass i midtforsvaret til Real då Madrid-laget vann UEFA-cupen for fyrste gong.

Etter åtte sesongar i Real Madrid veksla Stielike i 1985 over til sveitsiske Neuchâtel Xamax, der han både i 1987 og 1988 hjelpte laget til siger i den sveitsiske fotballigaen. Han la opp våren 1988.

Landslagsspel I tida frå debuten i 1975 til hans siste landskamp i september 1984 fekk Stielike 42 kampar i den vesttyske landslagstrøya. Han fekk ikkje plass i VM-troppa 1978. Sidan var han med i både Fotball-EM 1980, verdsmeisterskapen i Spania 1982 og Fotball-EM 1984. Både under EM 1980, som Tyskland vann etter 2-1 over Belgia i finalen, og i VM 1982, der Tyskland tapte finalen med 1-3 mot Italia, spelte Stielike alle kampane. Også då Tyskland gjorde eit heller dårleg meisterskap i 1984, spelte han alle tre kampane til full tid. Sine tre landslagsmål skåra han i 1983/84-sesongen.

Merittar Europameister: 1980 for Vest-Tyskland VM-sølv: 1982 for Vest-Tyskland Vinnar av UEFA-cupen: 1975 med Borussia Mönchengladbach og 1985 med Real Madrid Vesttysk seriemeister: 1975, 1976, 1977 med Borussia Mönchengladbach DFB-pokalen: 1973 med Borussia Mönchengladbach Spansk seriemeister: 1978, 1979, 1980 med Real Madrid Spansk cupmeister: 1980 og 1982 med Real Madrid Finaletap i Europacupen: 1977 med Borussia Mönchengladbach og 1981 med Real Madrid Finaletap i Cupvinnarcupen: 1983 med Real Madrid Sveitsisk seriemeister: 1987 og 1988 med Neuchâtel Xamax

Trenar Stielike var landslagssjef 1989-91 for Sveits, 2006-08 for Elfenbeinskysten og 2014-17 for Sør-Korea.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Uli Stielike» frå , den 17. juni 2018.

eu-football

Kategori:Tyske fotballspelarar Kategori:Borussia Mönchengladbach-spelarar Kategori:Real Madrid-spelarar Kategori:Neuchâtel Xamax-spelarar Kategori:Tyske fotballtrenarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1980 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1982 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1984