Josef II () var tysk-romersk keisar frå 1765 til 1790. Han var den eldste sonen til keisar Frans I Stefan og Maria Teresia av Austerrike. Frå faren sin arva han keisartittelen og frå mora tittelen som statsoverhovud for mellom anna Austerrike, Ungarn, Kroatia, Böhmen, Transylvania, Mantova, Milano, Parma og Dei austerrikske Nederlanda.

Josef var ein såkalla opplyst monark, kjend for ein politikk kalla josefinisme. Han var bror av den franske dronninga Marie Antoinette.

Liv Josef II blei oppfostra av Johann Christoph von Bartenstein. Han blei påverka av ideane frå opplysingstida, særleg gjennom skriftene til Voltaire. I 1761 blei han medlem av statsrådet og i 1765 etterfølgde han faren sin Josef som keisar. Han blei også medregent med mora for dei austerrikske arvelanda, men fram til ho døydde var han avgrensa til verksemd knytt til utanrikespolitikk, hæren og rettssystemet. Dei revolusjonære ideane hans førte til at han ofte kom i konflikt med mora.

Ekteskap og barn miniatyr|upright|venstre|Josef si dotter, Maria Teresia.

Josef II var gift to gonger. Den første kona hans var Isabella Maria av Bourbon-Parma (1741-1763), dotter av Filip av Bourbon-Parma. Dei blei gifte i 1760 og fekk to barn saman: Maria Theresia (20. mars 1762-23. januar 1770) Christina (22. november 1763-28. november 1763)

Etter at den første kona hans døydde 27. november 1763 blei det arrangert eit politisk ekteskap med tremenningen Maria Josepha av Bayern (1739-1767), dotter av Karl VII av Det tysk-romerske riket og kurfyrste av Bayern og Maria Amalia av Austerrike. Medan han var bunden til den første kona si, var det andre ekteskapet særs ulukkelig. Josef hadde ingen overlevande barn, og blei etterfølgd av bror sin Leopold II som keisar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Josef II av Det tysk-romerske riket» frå og «Josef II (tysk-romersk kejsare)»frå , den 26. juni 2018.

Kategori:Tysk-romerske keisarar Kategori:Huset Habsburg-Lothringen Kategori:Folk frå Wien