mini|Diagram over ubikvitin mini|Ytemodell av ubikvitin Ubikvitin er eit lite kuleforma protein på 76 aminosyrerestar. Ubikvitin vart oppdaga av Gideon Goldstein og publisert for fyrste gongen i 1975. Det fekk namnet sitt frå det at det er særs utbreitt.
Festinga av eitt eller fleire (i ei kjede) ubikvitin-molekyl til eit protein vert kalla ubikvitinering, og er ein av dei mest nytta posttranslasjonelle modifiseringane hjå eukaryotar. Ubikvitinering involverer tre enzym kalla E1 (ubikvitinaktiverande enzym), E2 (ubikvitinkonjugerande enzym) og E3 (ubikvitinligerande enzym). Ein av funksjonane til ubikvitinering er å merkja protein for nedbryting av eit proteasom.
Ubikvitin vert gjerne koda for av fleire gen hjå ein organisme. Sogdyr har fire gen for ubikvitin: to som kodar for fleire kopiar av ubikvitin og to som kodar for eitt einskild ubikvitinmolekyl og eit ribosomprotein.
Kjelder
Kategori:Protein Kategori:Posttranslasjonell modifisering