Heddal er ei bygd, eit kyrkjesokn og eit tidlegare prestegjeld i Notodden kommune i Telemark. Heddal var eigen kommune frå 1838 til 1964.

Heddal stavkyrkje ligg i Heddal.

Forfattaren Olav Kaste var oppvaksen, budde og arbeidde som lærar i Heddal.

Heddal kommune Heddal kommune vart oppretta i 1838 som Hitterdal formanskapsdistrikt. I 1913 vart Notodden skild ut som eigen kommune. Ved delinga budde det 2890 personar i gjenverande Heddal kommune, medan det budde 4821 personar i Notodden kommune. Saman med Gransherad kommune og Rudsgrenda, som hadde høyrd til Hovin kommune, vart Heddal kommune slegen saman med Notodden kommune i 1964. Ved samanslåinga budde det 4844 personar i Heddal komune.

Bakgrunnsstoff Eldre fotografi frå Heddal på nettstaden til Nasjonalbiblioteket

Kjelder «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» av Dag Juvkvam for Statistisk sentralbyrå. [http://www.digitalarkivet.no/norkart/telbus.htm Kart over gamle kommunegrenser i Telemark på Arkivverket sin nettstad Digitalarkivet.no

Kategori:Tidlegare kommunar i Telemark Kategori:Bygder i Telemark Kategori:Geografi i Notodden Kategori:Historie i Notodden Kategori:Sokn i Aust-Telemark prosti Kategori:Norske kommunar skipa i 1838 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1964