Johannes Arnesson Øvsthus () var ein norsk gardbrukar og byggmeister frå Hosanger i Hordaland, kjend som kyrkjebyggar i Hordaland og vidare.
mini|Johannes Arnesson Øvsthus var byggmeister for Fusa kyrkje. Kyrkja frå 1861 brann ned i 1959. Liv og gjerning Far hans var husmann før han skaffa seg garden Søre Øvsthus i Hosanger prestegjeld. Sjølv var Johannes frå 1835 til -43 omgangsskulelærar i distriktet Bysheim-Heldal i Hosanger, «ualmindelig duelig». Sidan var han gardbrukar på farsgarden Søre Øvsthus og bygningsmann. Ut i 1850-åra stod han føre byggjinga av Strandvik kyrkje, ferdigbygt 1857. Det neste tiåret heldt han fram med å vere byggmeister på Fusa kyrkje, Dale kyrkje i Fjaler i Sunnfjord og Meland kyrkje i Nordhordland. Truleg gjennom arbeidet sitt lærde han seg å lage arkitektteikningar og byrja sjølve å levere bygningsteikningar, mellom anna til Mo kyrkje i Modalen og Vike kyrkje på Osterøy. Kyrkjene han bygde er «preget av en blanding av sveitserstil og nygotikk og har en forholdsvis nøktern bruk av detaljer», heiter det i Norsk kunstnerleksikon. Øvsthus budde fram til 1879-80 lange tider i Bergen og Fana, der han dreiv byggeverksemd medan kona Ingebjørg stelte garden heime i Hosanger.
Kjelder Ministerialbok for Hosanger 1880-96 Ættebok for Hosanger fram til omlag 1960 Norsk kunstnerleksikon
Kategori:Folk frå Osterøy Kategori:Kyrkjer i Noreg Kategori:Norske arkitektar