Jan Hammer () er ein tsjekkisk-amerikansk musikar, komponist og plateproduent. Han vart først kjend då han spelte klaverinstrument i Mahavishnu Orchestra tidleg i 1970-åra, og er kjend som filmmusikkomponist for fjernsyn og film, inkludert «Miami Vice Theme» og «Crockett's Theme» frå den populære 80-talsserien Miami Vice. Han har halde fram å arbeide både som utøvande musikar og produsent, og har i den seinare karrieren òg vore filmprodusent.
Hammer har samarbeidd med somme av dei viktigaste jazz- og rockemusikarane som John McLaughlin, Jeff Beck, Al Di Meola, Mick Jagger, Carlos Santana, Stanley Clarke, Tommy Bolin, Neal Schon, Steve Lukather og Elvin Jones blant fleire. Han har komponert og produsert musikk til minst 14 filmar, musikken for 90 episodar av Miami Vice og 20 episodar av den populære britiske TV-serien Chancer.
For komposisjonane sine har han vunne fleire Grammyprisar.Huey, Steve «[ Jan Hammer Biography]», Allmusic, henta 6. juli 2018
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jan Hammer» frå , den 6. juli 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:USA-amerikanske filmmusikkomponistar Kategori:USA-amerikanske klaverspelarar Kategori:Tsjekkisk-amerikanarar Kategori:Elevar ved Berklee College of Music Kategori:Tsjekkiske filmmusikkomponistar Kategori:Tsjekkiske klaverspelarar Kategori:Tsjekkiske pianistar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Mahavishnu Orchestra-medlemmar Kategori:Musikarar frå Praha