høgre|mini|Orientisfugl som et ein frosk.
Kjøtetarar (karnivorar) er både sekundærkonsumentar og tertiærkonsumentar i næringskjeda. Omgrepet viser til dyr som i all hovudsak ernærer seg på kjøt, i motsetnad til såkalla altetarar og planteetarar. Nokre døme på kjøteterar er dyr som ulv, røyskatt, krokodille, hoggorm, gribb og falk.
Jegerar og åtseleterar Ein kjøtetar vil i dei fleste tilfella fanga og drepa dyret det får kjøt frå, og vil såleis òg vera ein predator. Dette er ikkje alltid tilfelle. Ein del dyr livnærer seg nesten berre på åtsel (slik som mange gribbearter). Slike åtseleterar vil vera kjøteterar, utan å vera predatorar.Ullrey, E.U. (2010): Nutrient Requirements: Carnivores. I Encyclopedia of Animal Science, DOI: 10.1081/E-EAS2-120045794. I nokre tilfelle vil grensa mellom dei to vera vanskeleg å trekkja, slik som med komodovaran. Komodovaranen vil bita og gje eit infisert sår som kan ta livet av bytet seinare, der han så sporar opp kadaveret og et det.
Parasittar som kjøteterar Ein del parasittar vil òg kunna vurderast som kjøteterar, i den graden dei lever av å eta vevet til landlevende virveldyr, slik som Guinea-orm, loa loa og trikinar, som alle lever i muskelvev hjå menneske.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kjøtteter» frå , den 9. juli 2018.
Kategori:Dyr