Otto Thott Fritzner Müller () var ein norsk skulemann og politikar frå Trondheim, busett i Halden. Han representerte partiet Høgre på Stortinget i åra 1919-24.
Müller var son til ein skulemann og tok sjølv den same yrkesvegen. Fram til 1892 hadde han ymse lærarpostar, mellom anna i Drammen og heimbyen Trondheim. Frå 1892 til 1935 var han tilsett ved Fredrikshald off. skole, både som klasselærar, adjunkt, overlærar og til sist rektor i elleve år. 1912-18 var han også revisor i Halden Sparebank.
I tida 1910-25 var Müller bystyremedlem i Halden, ordførar 1914-16. Han var elles medlem i fattigstyret og i likningsnemnda i kommunen. Dessutan var han styreformann 1917-23 for Fredrikshalds teater. Hausten 1918 vart Høgre-mannen Müller vald til å representere einmannskrinsen Fredrikshald på Stortinget 1919–21. Tre år seinare vart han attvald til ein ny treårsperiode, då som ein av fire representantar frå dei fem kjøpstadene i Østfold fylke, framleis for partiet Høgre. Begge tingperiodane var han med i Kyrkje- og skulekomiteen, formann i den fyrste treårsbolken.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Norske skulefolk Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Folk frå Halden Kategori:Folk frå Trondheim