Veronica Guerin () var ein irsk journalist som blei drepen i arbeidet.

Guerin var student ved Trinity College i Dublin der ho studerte rekneskap. Mellom 1983 og 1984 verka ho som sekretær for partiet Fianna Fáil i New Ireland Forum. Ho begynte å jobba som journalist i 1990, og skreiv for avisene Sunday Business Post og Sunday Tribune. I 1994 tok ho til å dekka kriminalitet i Irland for Sunday Independent. Som følgje av dette fekk ho fleire drapstruslar.

I desember 1995 blei Guerin tildelt International Press Freedom Award av pressefridomsorganisasjonen Committee to Protect Journalists."Veronica Guerin". Gale Encyclopedia of Biography at Answers.com. Retrieved 2 August 2012.

26. juni 1996 vart Veronica Guerin drepen med fleire skot av ein passasjer på ein motorsykkel medan bilen hennar stoppa for eit traffiklys. Hendinga skapte sterke kjensler på Irland, og blei erklært eit «åtak på demokratiet» av den irske regjeringssjefen John Bruton.

Filmen Veronica Guerin som bygde på livet hennar vart laga i 2003. Cate Blanchett hadde hovudrolla.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Veronica Guerin» frå , den 17. juli 2018.

Bakgrunnsstoff Veronica Guerin", IPI 50 World Press Freedom Heroes

Kategori:Irske journalistar Kategori:Myrda journalistar Kategori:Folk frå Dublin