Jeff Beck's Guitar Shop er det femte studioalbumet til gitaristen Jeff Beck, gjeve ut i oktober 1989 på Epic Records. Albumet nådde 49. plassen på den amerikanske Billboard 200 og vann Grammyprisen for beste rockeinstrumental i 1990.«32nd Grammy Awards - 1990». Rock on the Net. Henta 6. juli 2018. Dette var det andre albumet til Beck som vann ein pris i denne kategorien etter Flash (1985). «Stand on It» vart gjeven ut på singel og nådde 35. plassen på Billboard'''s Mainstream Rock-lista. «Sling Shot» vart nytta i skrekkomedien Gremlins 2: The New Batch i 1990 og fleire andre spor vart nytta som ein del av musikk til South Atlantic Raiders-episodane av den britiske komiseren The Comic Strip Presents''.
I eit steg bort frå den tidlegare jazzfusionstilen hans, går Beck her meir i retning av rein instrumental rock, utanom på to spor («Guitar Shop» og «Day in the House») der trommeslagaren Terry Bozzio snakkar fram ein tekst.
Innhald
Medverkande Jeff Beck – gitar, produsent Tony Hymas – klaverinstrument, synthesizer, produsent Terry Bozzio – trommer, perkusjon, talt vokal, produsent Teknisk Leif Mases – lydteknikar, mixing, produsent Dick Beetham – assisterande lydteknikar Neil Amor – assisterande lydteknikar James Allen Jones – assisterande lydteknikar Chris Drohan – assisterande lydteknikar Ian Gillespie – mastering
Salslister Album År Liste Plassering1989Billboard 20049
Singlar År Tittel Liste Plassering1989«Stand on It»Billboard Mainstream Rock35
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jeff Beck's Guitar Shop» frå , den 19. juli 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff In Review: Jeff Beck «Guitar Shop» at Guitar Nine Records
Kategori:Jeff Beck-album Kategori:Musikkalbum frå 1989 Kategori:Epic Records-album