Siegrun Siegl, fødd Thon, () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Apolda i Thüringen som i 1976 vart olympisk meister i femkamp og elles tevla på internasjonalt toppnivå i lengdehopp. Ho representerte Aust-Tyskland.
Siegrun Thon sanka 4 584 poeng og vart nummer fire i femkamptevlinga ved Friidretts-EM 1974. Sesongen etter vart ho austtysk meister i femkamp. I Dresden den 19. mai 1976 sette ho med eit lengdehopp på 6,99 meter ny verdsrekord. Vel to månader seinare under dei olympiske sommarleikane i Montreal måtte ho nøye seg med fjerdeplassen i lengdetevlinga. Derimot vann ho gullmedaljen i femkampen, etter ein drabeleg strid mot landskvinnene Christine Laser og Burglinde Pollak. Både Siegl og Laser sanka 4 745 poeng, Pollak 4 740. Avgjerande for gullstriden mellom Sigel og Laser vart at Siegl hadde flest poeng av dei to i tre av dei fem øvingane; høvesvis hekkeløpet, lengdehopp og 200 meter, slik at Laser måtte nøye seg med sølvmedaljen. Siegl presterte serien 13,31 sekundar - 12,92 meter - 1,74 m - 6,49 m - 23,09 sekundar.
Etter eit lengre skadeavbrot satsa Siegl einast i lengdehopp. I 1979 vann ho øvinga i innandørs-EM med eit hopp på 6,70 meter. Året etter vart ho austtysk meister i lengdehopp, medan ho under sommarleikane 1980 i Moskva enda på femteplassen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1974 i Roma: Nr 5 i femkamp – 4 584 pong OL 1976 i Montreal: Gullmedalje i femkamp - 4 745 poeng og nr 4 i lengdehopp – 6,59 m OL 1980 i Moskva: Nr 5 i lengdehopp – 6,87 m
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Siegrun Siegl» frå , den 20. juli 2018.
World Athletics
Kategori:Tyske mangekjemparar Kategori:Tyske lengdehopparar Kategori:Olympiske meistrar for Aust-Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1976 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980