Nils Erik Flakstad () var ein norsk jurist og næringsdrivar som i åra 1922-27 representerte partiet Høgre på Stortinget. Han vart kjend som leiar av høyringane i Lagtinget kring riksrettssaka mot Regjeringa Abraham Berge. Flakstad var far til bilethoggaren Nils Flakstad og dotterson til Nils Jønsberg.

Nils Erik Flakstad var fødd i Åmot og voks opp der, så lenge far hans dreiv gardsbruk og landhandel i bygda. Utpå 1890-talet slo far hans seg ned i Hamar og dreiv handel der. Sjølv studerte han rettsvitskap og vart cand.jur. i 1899. Der etter arbeidde han hos sorenskrivaren i Moss i to år, før han så dreiv sakførarar-praksis i Hamar frå 1902. Frå 1911 til 1931 var han banksjef i Hamar Sparebank, tida 1921 til -31 også administrerande direktør for Hamar bryggeri.

Flakstad var i to periodar, 1919-22 og 1928-31, medlem i Hamar bystyre. Hausten 1921 vart han vald inn på Stortinget frå kjøpstadene i Hedmark og Oppland fylke, attvald i 1924. Alle seks åra på Stortinget var han medlem i Næringskomite nr 2. I 1926 og 1927 var Flakstad lagtingspresident og såleis leiar av riksretten i saka mot Abraham Berge, statsminister hadde vore, og medlemer i regjeringa hans. År 1927 deltok Flakstad elles på den interparlamentariske kongressen i Paris.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for byane i Hedmark og Oppland Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Lokalpolitikarar i Hamar Kategori:Høgrepolitikarar i Hedmark Kategori:Norske juristar Kategori:Folk frå Åmot