Anna Airy () var ein engelsk målar og gravør. Ho dreiv med oljemåleri og pastell.

mini|Women Working in a Gas Retort House- South Metropolitan Gas Company, London (1918)

Airy var rekna som ein av dei leiande kvinnelege kunstnarane i sin generasjon, og var ei av dei første kvinnene som blei offisielt tilsett som krigskunstnar.

Bakgrunn Airy blei fødd i Greenwich i London. Ho var dotter av ingeniøren Wilfrid Airy og Anna, fødd Listing, og barnebarn av den kongelege astronomen George Biddell Airy.

Airy studerte kunst ved Slade School of Fine Art i London frå 1899 to 1903. Nokre av medstudentane hennar var William Orpen og Augustus John, medan Fred Brown, Henry Tonks og Philip Wilson Steer var lærarar. Airy vann prisar ved Slade School for portrett, figur og andre fag, mellom dei Slade School-stipendet i 1902. Ho vann også Melville Nettleship-prisen i 1900, 1901 og 1902.

Virke mini|Shop for Machining 15-inch Shells- Singer Manufacturing Company, Clydebank, Glasgow, 1918 mini|venstre|A Shell Forge at a National Projectile Factory, Hackney Marshes, London. Under arbeidet med dette måleriet blei skorne til Airy brend av av det særs varme golvet. Under første verdskrigen blei Airy gjeven oppdrag i fleire fabrikkar. Ho måla på staden, ofte i vanskelege og av og til i farlege tilhøve. Ein gong, då ho arbeida snøgt for å måla A Shell Forge at a National Projectile Factory, Hackney Marshes, London i særs varme tilhøve, blei bakken så varm at skorne smelta av føtene hennar. Måleriet som var resultatet blei seinare stilt ut ved Imperial War Museum si utstilling Women War Artists (2011–2012). mini|An Aircraft Assembly Shop, Hendon (Art.IWM ART 1931)

I juni 1918 gav Munitions Committee of the Imperial War Museum, IWM, henner i oppdrag å laga fire måleri som skulle visa typiske scener ved ulike ammunisjonsfabrikkar: National Projectile Factory i Hackney National Filling Factory i Chilwell i Nottingham, W G Armstrong Whitworth's at Nottingham; Aircraft Manufacturing Co. i Hendon South Metropolitan Gas Co.

Chilwell-oppdraget blei erstatta av eit oppdrag frå Singer-fabrikken i Glasgow. Airy fekk også oppdrag frå Women's Work Section ved IWM under krigen. I 1917 fekk ho eit oppdrag frå Canadian War Memorials Fund, og i 1940 av Ministry of Munitions.

Airy var gift med Geoffrey Buckingham Pocock, som også var kunstnar. I mange år budde paret på Haverstock Hill i Hampstead, før dei flytta til Playford nær Ipswich i Suffolk.

Utstillingar Airy stilte ut arbeid ved Royal Academy i 1905 og i kvart år som følgde fram til 1956. Hennar første soloutstilling var ved Carfax Gallery i 1908. Ho stilte også ut ved Parissalongen og i Italia, Canada og USA.

Ho er blitt representert ved British Museum, Victoria and Albert Museum og Imperial War Museum. Verk av henne er også blitt viste ved Art Gallery of New South Wales i Sydney og i Auckland på New Zealand, i Vancouver og Ottawa i Canada, i Corporation Art Galleries i Liverpool, Leeds, Huddersfield, Birkenhead, Blackpool, Rochdale, Ipswich, Doncaster, Lincoln, Harrogate, Paisley og Newport. Graveringa Forerunners of Fruit (ca. 1925) er i samlinga til Art Gallery of New South Wales.AGNSW collection record

Bøker Airy skreiv bøkene The Art of Pastel (1930) London: Winsor & Newton"Airy, Anna." Chambers Biographical Dictionary. London: Chambers Harrap, 2007. Credo Reference. Web. 25 March 2010 Making a Start in Art (1951) Studio Publications London, New York

Medlemskap Airy var medlem av fleire kunstnariske organisasjonar. Ho blei vald inn i The Pastel Society i 1906. I 1908 blei ho vald inn i Royal Society of Painters and Etchers. Året etter blei ho vald inn i Royal Institute of Oil Painters (1909), i 1918 blei ho medlem av Royal Institute of Painters in Water Colours (1918) og i 1952 blei ho medlem av Royal Glasgow Institute of the Fine Arts. Ho blei vald til leiar for Ipswich Art Society i 1945.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Anna Airy» frå , den 28. juli 2018.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Britiske målarar Kategori:Britiske gravørar Kategori:Målarar frå 1900-talet Kategori:Kvinnelege målarar frå 1900-talet Kategori:Britiske kunstnarar frå 1900-talet Kategori:Britiske krigskunstnarar Kategori:Kunstnarar frå fyrste verdskrigen Kategori:Kunstnarar frå London Kategori:Folk frå Greenwich