mini|Matej Tóth i 2017 Matej Tóth () er ein slovakisk friidrettsutøvar frå Nitra som i 2015 vart verdsmeister og i 2016 olympisk meister i 50 kilometer kappgang.

Tóth deltok internasjonalt i fleire år før han byrja markere seg på toppen av resultatlistene i dei store internasjonale tevlingane. I mai 2010 gjekk han heilt til topps på 50 km i kampen om verdspokalen i Chihuahua i Mexico, med tida 3.53.30 viste han Mexicos eigen Horacio Nava til andreplass og Jared Tallent frå Australia til tredjeplass. Ved europameisterskapen 2014 i Zürich vart Tóth andremann på 50 km, nærare fire minuttar bak franske Yohann Diniz som sette verdsbestetid på distansen.

Under verdsmeisterskapen 2015 i Beijing vann Tóth gullmedaljen på 50 km, med god margin til sølvmedaljøren, Jared Tallent. Året etter kjempa dei same to, og ytterlegare to andre kaggjengarar, om OL-gullet på 50 km, ein kamp som enda med at Tóth vann gullmedaljen, 18 sekundar framom Tallent på sølvplass, japanske Hirooki Arai tok bronsen 26 sekundar bakom Tóth.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2004 i Aten: Nr 32 på 20 km – 1.28.49 VM 2005 i Helsinki: Nr 21 på 20 km – 1.23.55 EM 2006 i Göteborg: Nr 6 på 20 km – 1.21.39 VM 2007 i Osaka: Nr 14 på 20 km – 1.25.57 OL 2008 i Beijing: Nr 26 på 20 km – 1.23.17 VM 2009 i Berlin: Nr 9 på 20 km – 1.21.13 og nr 10 på 50 – 3.48.35 EM 2010 i Barcelona: Nr 6 på 20 km – 1.22.20 VM 2011 i Daegu: Nr 13 på 20 km – 1.22.55. Braut 50 km OL 2012 i London: Nr 5 på 50 km – 3.41.24 VM 2013 i Moskva: Nr 5 på 50 km – 3.41.07 EM 2014 i Zürich: Sølvmedalje på 50 km – 3.36.21, bakom Yohann Diniz (3.32.33) VM 2015 i Beijing: Gullmedalje på 50 km – 3.40.32, framom Jared Tallent (3.42.17) OL 2016 i Rio de Janeiro: Gullmedalje på 50 km – 3.40.58, framom Jared Tallent (3.41.16)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Matej Tóth» frå , den 6. august 2018.

Denne artikkelen bygger på «Matej Tóth» frå , den 6. august 2018.

World AThletics

Kategori:Slovakiske friidrettsutøvarar Kategori:Kappgjengarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Olympiske meistrar for Slovakia Kategori:Slovakiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Slovakiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Slovakiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Slovakiske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Slovakiske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2005 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2006 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2007 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2009 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2010 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2011 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2013 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2014 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2015