DuckDuckGo er ei nettbasert søkjeteneste som fokuserer på å gje dei som brukar henne anonymitet og integritet. Tenesta lagrar ikkje potensiell personleg identifiserande informasjon, sender ikkje informasjon til tredjepartar og lagar ikkje personleg tilpassa søkjeresultat.
Søkjetenesta er basert i Paoli i Pennsylvania, Delawaredalen, USA. Føretaket vart etablert i 2008 og har 53 tilsette. Namnet DuckDuckGo er inspirert av namnet på leiken «duck duck goose».
Referansar
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Skipingar i 2008 Kategori:Søkemotorar