Sondre Guttormsen () er ein norsk friidrettsutøvar, fødd i Davis i delstaten California i USA, som kom på delt sjetteplass i stavhopp under EM i friidrett 2018 i Berlin, der han sette norsk rekord i øvinga ved å ta seg over 5,75 meter. Han er medlem i Ski Idrettslag.

Guttormsen sette i slutten av juli 2018 ny personleg rekord i stav med 5,60 meter ved eit stemne i Karlstad. Vel to veker seinare klarte han 5,75 m i EM-finalen i Berlin, noko som gav han ein delt sjetteplass i meisterskapen. Samstundes forbetra han den norske stavrekorden med tre centimeter, den gamel rekorden på 5,72 m sette Trond Barthel sommaren 1996.

I 2019 flytta han norgesrekorden til 5,80 meter.

Under eit stemne i Chula Vista i USA i 2021 forbetra Guttormsen den norske rekorden til 5,81 meter.

Under Diamond League-finalen i september 2022, Weltklasse Zürich, vart Guttormsen nummer to og tangerte den norske rekorden i stavsprang på 5,86.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sondre Guttormsen» frå , den 15. august 2018.

Kategori:Norske stavhopparar Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2024