Tombi!, kjent i Nord-Amerika som Tomba!, er eit plattformspel utvikla av Whoopee Camp til PlayStation. Det vart utgjeve i Japan desember 1997 av Whoopee Camp og internasjonalt året etter av Sony Computer Entertainment. Spelet handlar om ein byting med rosa hår som søkjer etter å få armbandet til bestefaren attende frå ei gruppe av fiendslege grisar.

Tombi! fekk positiv mottaking, særleg for den visuelle stilen og dei varierte spelemekanikkane. Det vart utgjeve på nytt til PlayStation 3 gjennom PlayStation Network juli 2011 i Japan og internasjonalt i 2012. Trass i at spelet ikkje selde særleg bra, fekk det i 1999 ein oppfølgjar, Tombi! 2, og har halde på ein kultstatus sjølv fleire år etter utgjevinga.

Referansar

Kategori:Dataspel frå 1997 Kategori:Plattformspel Kategori:PlayStation-spel