mini|Landvikvannet teikna i 1800 Landvikvannet er ein innsjø i Landvik i Grimstad kommune kommune, med både ferskvass- og saltvassfisk.
Landvikvannet har vore knytt til havet (Skagerrak) via Reddalskanalen sidan 1877. Vatnet har maksimal djupn på 25 meter, og inneheld ikkje oksygen under fire–fem meters djupn. Ned til to meter er vatnet ferskvatn, men under dette aukar saltinnhaldet, og på 20 meter er det meir enn 20 promille salt i vatnet.
Dei vanlegaste fiskeslaga i Landvikvannet er sild , sørv og aure, men det er òg funne sik, åbor, flyndre og krabbe. Det er ikkje påvist sild i noko anna ferskvatn i Noreg. Forskarane veit ikkje kvar silda i Landvikvannet gyt, om dei gjer det i vatnet eller om dei dreg ut i havet og kjem attende. Genprøver syner at silda skil seg frå nordsjøsild.Agderposten – Forsker på unik innlandsild 11. mai 2011
Vatnet har òg førekomstar av ferskvassreke (Palaemonetes varians).«Noen truede arter i Aust-Agder», Miljøstatus.no, Aust-Agder
Fotnotar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Landvikvannet» frå , den 16. august 2018.
Kategori:Geografi i Grimstad Kategori:Innsjøar i Agder