mini|Akershus festning sett frå sør. Frå høgre: Munks tårn, Jomfrutårnet, Det kongelege mausoleet, Sørfløyen, Romeriksfløyen, Knutstårnet, Det dobbelte batteri og Laboratoriekjøkkenet (kvit bygning). Blåtårnet, Romerikstårnet og Nordfløyen i bakgrunnen. Prins Carls bastion frå 1648 går frå Munks tårn og til høgre mot sjøen. Romeriksbastionen frå 1611 og 1641 i forkant av Knutstårnet. mini|Akershus festning sett frå vest.

Akershus festning er ei festning og eit slott i Oslo, offisielt kalla Akershus slott og festning. Festninga ligg strategisk til på Akersneset i Oslo.

Borga har overlevd fleire omlægringar, og har aldri vorte teken med makt av ein fiendtleg, utanlandsk hær. Festninga var under tysk kommando 1940–1945, men vart aldri teken, kommandoen vart overgjeven både i 1940 og i 1945.

Festninga har namn etter Aker (frå norrønt Akr, åker, og hús, borg, kastell), og har gjeve namn til lenet, amtet og fylket Akershus.

Området er framleis militært, og det daglege vakthaldet blir ivareteke av Hans Majestet Kongens Garde. Forsvarsmuseet, Heimefrontmuseet og Forsvarsstaben har lokale på Akershus Festning.

Festninga er regjeringas representasjonstad der ein markerer store jubilé og held offisielle middagar ved statsvitjingar og andre viktige hendingar. I tillegg er anlegget gravminne for kongefamilien, dronning Maud, Håkon VII, Olav V og Märtha er gravlagde i Det kongelege mausoleet.

Festningsområdet Festningsområdet utgjer eit areal på rundt 170 dekar og har ein bygningsmasse på til saman 91 000 m². Det indre festningsområdet er det området som er omkransa av murar, med den opphavlege mellomalderborga og bastionane som ligg utanfor. Dette er områda med dei best bevarte festningselementa, både når det gjeld fortifikasjonane og bygningar. Dette skuldast omfattande restaureringsarbeid i første halvpart av 1900-talet.

Det ytre festningsområdet er resten av anlegget, med Festningsplassen, området rundt Forsvardepartementet og kvartalet i Myntgata. Dette består vesentleg av militære bygg frå 1800-talet og vart reist etter at festningen hadde gått ut or bruk som operativt militært anlegg og delvis på tomter til tidlegare forsvarsverk. Desse bygningane er tilpassa dei øvrige i Kvadraturen. Enkelte strukturar frå før 1814 er tekne vare på rundt Festningsplassen, delvis supplert med rekonstruksjonar.

Historie

Mellomalderen 1287 til 1527

I 1287 kom Oslo under åtak frå den opprørske norske adelsmannen Alv Erlingsson, men den gamle kongsgarden kunne ikkje forsvara byen effektivt.

Ein veit ikkje sikkert når borga vart påbegynt, men ein trur det var i tida 1299-1304 under kong Håkon V.Oslo byleksikon side 43 Første gongen Akershus er nemnd er i 1300 i eit brev frå kong Håkon til Mariakyrkja i Oslo. Brevet seier ikkje noko om kor langt byggjearbeida var komne.

mini|Teikning av Håkon V sitt Akershus slott i år 1300. Rekonstruksjon frå 1925 av Holger Sinding-Larsen.

Akershus vart etter fleire utbyggingar ei sterk festning, kanskje ei av dei sterkaste i Norden. I 1308 stod borga for første gongen imot ei omlægring. Det var den svenske stormannen Erik av Södermanland som omringa borga saman med ei rekkje norske stormenn. Denne omlægringa vart heva av ein lokal norsk bondehær. I 1330-åra gjorde mange norske stormenn opprør mot kongefellesskapet og fekk blant anna kontroll over Akershus i periodar.

Svartedauden fekk ingen verknad for Akershus festning med ein gong. I 1360- og 1370-åra budde Håkon VI på Akershus, og han gav ordre om store byggjearbeid på festninga.

Først i 1449–1450 vart Akershus omlægra att, denne gongen av den svenske kongen Karl Knutson Bonde. Han måtte heve omlægringa etter ei tid.

Borga vart ikkje omlægra att før i 1502, da den norske adelsmannen Knut Alvsson reiste ein hær frå grensestrøka mot Sverige, tok Akershus (og Tunsberghus) og avsette den danske høvedsmannen Peder Griis. Same året omlægra skotske leigesoldatar i den danske kongens teneste Akershus. Denne omlægringa mislukkast, men etter å ha skrive ut kvar tredje mann på Sør-Austlandet freista kongen å vinne att kontrollen over Akershus. På veg til fredsforhandlingar vart Knut drepen av kongens menn, og på denne måten vann kongen att kontrollen over Akershus.

Borga vart omlægra på ny i 1523, denne gongen av svenske soldatar. Under dekkje av grevefeiden i Danmark prøvde Gustav Vasa å sikre seg kontrollen over Noreg. For å nekte fienden husvære brente befolkninga i Oslo husa sine, og dei svenske soldatane måtte kort tid etter vende heim med uforretta sak.

Renessanseslott 1527 til 1653

I 1527 slo lynet ned og forårsaka store skader på festninga, spesielt det indre borgområdet. Det var ei svak borg som måtte forsvara seg mot Christian II si omlægring i 1531 til 1532, dessutan var større delar av mannskapet i borga ute på anna teneste, og det var berre kring 20–30 mann i borga da omlægringa starta. Men dette visste ikkje Christian II; likevel avtala han og høvedsmannen i borga Mogens Gyldenstjerne ei våpenkvile. I mars året etter vart omlægringa heva av styrkar frå Danmark og Lübeck. Under kampane vart blant anna Hovedøya kloster totalskadd, ein del av ruinane vart seinare bruka til byggjematerial på Akershus festning. Etter denne omlægringa vart borga sterkt restaurert og ombygd. I 1567, under den nordiske sjuårskrigen, vart borga atter omlægra, denne gongen av svenske styrkar.

mini|Relieff frå Fredrik II sirr gravmæle i Roskilde domkyrkje som viser kringsetjinga av Akershus festning i 1567. Nedst til venstre Oslo med Hallvardskatedralen. mini|venstre|Christiania med Akershus festning og Kvadraturen innafor bymurane. Christianiakartet frå 1648 av Isaac van Geelkerck er det eldste kjende kart over byen. van Geelkerch var nederlandsk festningsingeniør og kartograf.

Det var først med Kristian IV som var konge 1588–1648 at byggeaktiviteten for alvor kom i gang att. Kongens politikk baserte seg på ein sterk militærmakt, og i 1593 byrja han ei omfattande utbygging for å halde følgje med den militærtekniske utviklinga, særleg av ildkrafta til kanonane. Bygginga vart dels finansiert med ein årelang ekstraskatt på Austlandet og i Agder, og dels ved pliktarbeid, òg for kvinner som særleg vart sett til å bere teglstein. I 1604 stod første byggetrinn ferdig, med borga omgjeven av nye befestningar (Øvrevoll) bygd etter det italienske bastionsystemet med steinkledde jordvollar. Vidare utbygging føregjekk i åra 1616–1646.

Men det var særleg den radikale ombygginga av den gamle mellomalderborga til eit renessanseslott som gav borga den nye silhuetten ein kjenner i dag. Restane av det gamle hovudtårnet «Vågehals» vart rive, og trappetårna «Blåtårn» og «Romerikstårnet» vart reist. Bygningane rundt borggarden vart gjorde samanhengande ved ombyggingar og tilbygg. Det gamle krutkammeret under slottskyrkja vart ominnreidd til fire fangehol, to av dei eksisterer framleis. Kongen og statthaldaren sine rom vart utbetra og rikt innreia. Den nye borga og slottet framstod i samtida som ein by i byen.

Kristian IV ynskte å knyte byen, som enno hadde same plassering som den gamle mellomalderbyen, og borga nærare saman. Då Oslo brann i 1624 beordra han at byen skulle gjenreisast inntil festningsmurane. Den nye byen fekk namnet Christiania og vart ein festningsby omgjeven av vollar, med Akershus festning som citadell.

Festning 1653 til 1820-åra Ved freden i Brömsebro etter Hannibalfeiden i 1643–1645 måtte Danmark-Noreg avstå dei gamle norske landskapa Jemtland og Härjedalen, og etter krigane 1657–1660 også Båhuslen. Desse tapa og grenseendringane gjorde Akershus festning enda viktigare som nasjonal festning. Festninga vart difor bygd ut under leiing av Isaac van Geelkerck.

Som tidlegare var festninga framleis nytta som staden for kongehyllingar, stendermøte og som kongebustad, i tillegg til ivaretaking av militære funksjonar. Men etter kvart blei dei representative oppgåvene mindre viktige, særleg etter at Noreg mista talrike av sine eigne riksinstitusjonar ved innføringa av einevelde i 1660. Utover på 1600- og 1700-talet vart dei representative bygningane stadig meir umoderne og vedlikehaldet vart forsømt. Festninga fekk preg av å vere utelukkande ein militær installasjon, og dette vart meir og meir tydeleg. Det einaste sivile innslaget gjennom 1700-åra var Overhoffretten. Dei militære anlegga vart rusta opp mot slutten av 1600-talet og fram mot 1750, da dei ytre forsvarsverka vart forsterka. Etter ein bybrann i 1686 vart vollane rundt byen lagt ned, mens Akershus blei utvida so det gjekk ut over resten av bygningane. Store og mektige steinkledde vollar med framskotne bastionar gjekk rundt heile festninga, som tok opp eit nesten like stort areal som heile byen Christiania.

Den 8. mars 1716 vart det utvida anlegget angripe for første gong. Den svenske kong Karl XII gjekk til åtak med 10 000 mann. Kommandanten, oberst Jørgen Christopher von Klenow, samla 3 000 forsvararar og held ut ei langvarig kringsetjing før svenskane til slutt måtte trekkje seg attende. At kringsetjinga av Akershus festning ikkje førte til overtaking av ho, bidrog til at Karl XIIs første felttog i Noreg vart sett på som mislukka.

Festninga vart umoderne rundt 1750, og frå denne tida hadde ikkje anlegget lenger nokon særleg militær tyding. Etter at Noreg gjekk inn i unionen med Sverige i 1814 vart ho deaktivert som festning og delar av dei ytre murene rivne.

Slaveri og nedbygging 1820-åra til 1900 Den nye hovudstaden fekk nye byggebehov, og festninga fekk ei anna funksjon etter 1814. Som fylgje av at den militære verdien vart vekk, forfall anlegget. Dei ytre delane vart frigjevne til byggetomter for offentlege og private føremål, mellom anna til nybygg for Oslo Børs, Christiania Theater og Noregs Bank. Vollane og omgjevnadane vart tekne i bruk av innbyggjarane som rekreasjonsområde for turar, og Akershusstranda vart ein stad for bading og fiske om sumaren og for skøytelaup om vinteren. Bygningane på Øvre festning vart nytta til ymse føremål, mellom anna som lager. Riksarkivet held til der fram til 1866, med Henrik Wergeland som første leiar.

mini|Kornmagasinet på Akershus bygd om til slaveri i 1820. mini|venstre|Slaveriet på Akershus kring 1895.

Ein stor del av festninga vart nytta til fengsel, kalla «Slaveriet». Kriminalomsorgen var ei blanding av oppbevaring – for å beskytte samfunnet – og «moralsk oppbygging» gjennom hardt arbeid. I staden for å avrette kriminelle, blei dei sett til tvangsarbeid. Slavane kunne settast til alle slags offentlege arbeid eller leigast ut til privatfolk. Mellom dei innsette var utbrytarkongen Gjest Baardsen og meistertjuven Ole Høiland.Stephan Tschudi-Madsen side 81

Etter Kautokeino-opprøret i 1852 kom alle menn med unntak av leiarane Aslak Jacobsen Hætta og Mons Aslaksen Somby (som vart halshogd i Alta) på Akershus - kvinnene vart satt på Tukthuset i Trondheim. Både mellom kvinnene og mennene døydde fleire i fangenskap. Blant dei som døydde i fangenskap var Peder Olsen Kautokeino, Aslak Pedersen Rist og Henrik Aslaksen Skum. Blant dei som overlevde var Lars Jacobsen Hætta, 18 år ved fengsling. Han omsette Bibelen til nordsamisk under fengslinga.

Nedbygging Utover på 1800-talet vart det reist fleire militære bygningar i områda ved Kontraskjæret og Festningsplassen, blant anna Høymagasin, Ridehus, Kommandantbolig, militære depot og kaserner, gymnastikksal, verkstader og kontorbygningar for Forsvarsdepartementet og andre føremål. Dei viktigaste arkitektane i denne perioden var kompanjongane Heinrich Ernst Schirmer og Wilhelm von Hanno.

Som følgje av det aukande forfallet og behov for nye tomter, blei ynsket om å rive anlegget sterkare. Men mot slutten av 1800-talet vakna interessa for Akershus som eit historisk minnesmerke og motkrefter mot forfall og riving vart omsider mobilisert.

Restaurering og nybygging 1900 til i dag mini|Holger Sinding-Larsen: Akershus slot. Den bygningsarkæologiske undersøkelse 1905-1925. Teikninga viser søndre del av slottet.