The Gentleman's Magazine var eit engelsk tidsskrift skipa i London i 1731 og nedlagt i 1922.
Dette var det første som brukte ordet «magasin» - opphavleg eit fransk ord for 'lager' - om eit tidsskrift. Forfattaren Samuel Johnson hadde si første faste stilling som skribent for The Gentleman's Magazine.
Historie
Bladet blei skipa av Edward Cave i januar 1731, opphavleg under tittelen The Gentleman's Magazine: or, Trader's monthly intelligencer.
Cave si nyskaping var at det månadlege tidsskriftet hans inneheldt nyheiter og kommentarar knytt til eitkvart emne lesarane hans kunne ha interesse for, frå handelsvareprisar til latinske dikt. Det inneheldt nyskrive innhald frå ein stab av skribentar som bidrog jamleg, i tillegg til lange sitat og utdrag frå andre blad og bøker. Før skipinga av The Gentleman's Magazine hadde ein mest hatt spesialisert blad og spreidde forsøk på meir allmenne blad, som The Gentleman's Journal, redigert av Peter Motteux og gjeve ut frå 1692 til 1694.
Cave redigerte The Gentleman's Magazine under forfattarnamnet «Sylvanus Urban». Bidrag til bladet blei ofte presentert som brev stila til «Mr. Urban».
Framsida av magasinet viste eit bilde av St. John's Gate i Clerkenwell, heimen til Cave og i røynda hovudkontor for magasinet.
Forfattaren Samuel Johnson hadde si første faste stilling ved The Gentleman's Magazine. I eit tidsrom då det var forbode å rapportera frå det britiske parlamentet skreiv Johnson rapportar derfrå med tittelen «Debates of the Senate of Magna Lilliputia». Rapportane reflekterte synspunkta til dei ulike deltakarane, men det dei sa i debattane var hovudsakleg ordlagt av Johnson. Det poetiske namnet «Columbia» brukt om USA blei laga av Johnson og først brukt i bladet i 1738 i ein av desse rapportane.The Gentleman's Magazine, Vol. 8, June 1738, p. 285 Henta 2009-08-22Debates in Parliament, Samuel Johnson. Henta 2009-08-22
Edward Cave var også ein dyktig forretningsmann som utvikla eit omfattande distribusjonssystem for The Gentleman's Magazine. Bladet blei lese kringom i den engelsktalande verda, og fortsette å gjera det godt gjennom 1700-talet og mykje av 1800-talet. Det byrja gå tilbake på slutten av 1800-talet, og jamleg utgjeving tok slutt i september 1907. Det blei likevel gjeve ut utgåver på fire sider i små opplag frå 1907 til 1922 slik at tidsskriftet framleis kunne seiast å vera på trykk.
Bidragsytarar Nokre forfattarar av verk i The Gentleman's Magazine
Samuel Johnson (1709–1784)
Laetitia Pilkington (ca. 1709-1750), Dublin-fødd eventyrar
George Stephens (1813–1895), arkeolog og filolog som verka i Skandinavia Jonathan Swift (1667–1745), anglo-irsk satirisk diktar og geistleg Kaptein Philip Thicknesse (1719–1792) James Thomson (1700–1748), skotsk diktar og dramatikar kjend for «The Seasons» og «Rule, Britannia!» Nigel Tourneur (18??–18??), pseudonym for ein fin de siècle-forfattar kjend for berre eit verk, Hidden Witchery Thomas Tyrwhitt (1730–1786), klassisk akademikar og kritikar
Charles Woodmason (ca. 1720–1789), engelsk-fødd amerikansk diktar Edward Young (1681–1765), engelsk diktar, best kjend for Night-Thoughts William Hepworth Dixon (1821–1879), engelsk reisande, historikar og forfattar
Illustratørar James Norris Brewer (fl. 1799–1829), topograf og forfattar Thomas Faulkner (1775–1855), topograf John Gibson (1750–1792), kartograf Moses Griffith (1749–1819) Bartholomew Howlett (1767–1827) Samuel Rawle (1771–1860 William George Moss
Sjå òg The Gentlewoman
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Gentleman's Magazine» frå , den 21. august 2018.
Bakgrunnsstoff
The Gentleman's Magazine, ved Internet Archive.
Bodleian Internet Library of Early Journals: A digital library of 18th and 19th Century journals including The Gentleman's Magazine, vols 1–20 (1731–50) (on-line text search ) A Selection of Curious Articles from the Gentleman's Magazine, John Walker, Longman, Hurst, Rees, Orme and Brown, 1814
Vidare lesing Bond, Donald. "Review: The Gentleman's Magazine" Modern Philology (1940) 38#1 pp. 85–100 in JSTOR. Carlson, C. Lennart. The First Magazine. A History of the Gentleman's Magazine, with an Account of Dr. Johnson's Editorial Activity and of the Notice Given America in the Magazine (Brown University Press, 1938), 281pp
Two supplements to Kuist were originally published in Vols. 44, 45, 46, 47, and 49 of Studies in Bibliography, The Bibliographical Society of the University of Virginia
Kategori:Skipingar i 1731 Kategori:Nedleggingar i 1922 Kategori:Tidlegare britiske tidsskrift Kategori:Media i London