9M730 Burevestnik (, NATO-kallenamn SSC-X-9 Skyfall) er ein eksperimentell atomdriven krysserakett med atomvåpen utvikla av det russiske forsvaret. Raketten skal ha nær uavkorta rekkjevidd.

Burevestnik var ein av seks nye russiske strategiske våpen gjort kjend av president Vladimir Putin 1. mars 2018. Raketten blei kalla opp etter stormfuglane petrellar etter ei avstemming på nettstaden til det russiske forsvarsdepartementet.

I 2017 fall ein av desse rakettane ned i Barentshavet og leiting etter han byrja frå russisk side, og truleg òg frå USA. Norske fiskarar var svært uroa over rapportar om at eit russisk atomdrive missil hadde forsvunne i Barentshavet. Barentshavet er rekna som sjølve berebjelken for norsk fiskerinæring.

Sjå òg

Project Pluto

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «9M730 Burevestnik» frå , den 14. november 2021.

Kategori:Kryssarmissil Kategori:Skipingar i 2018 Kategori:Russiske våpen