Robert Ernest Hite () var ein amerikansk musikar som var frontmann og songar i bluesrockbandet Canned Heat frå 1965 til han døydde i 1981. Kallenamnet hans var «The Bear».
Biografi Hite vart introdusert for Alan Wilson av Henry Vestine og dei to fekk overtydd bluespianisten Sunnyland Slim (1906-1995) om å kome i studio med dei for å spele inn ei plate. I 1965, då han var 22, skipa Hite eit band med Wilson. Vestine følge med kort tid etter, og denne trioen danna kjernen av Canned Heat. Trioen fekk etter kvart med seg Larry Taylor på bass og Frank Cook på trommer.
Hite spelte med Canned Heat på Woodstockfestivalen i august 1969. Framføringane var ikkje med i den originale filmen Woodstock frå 1970, men er med i «Director's Cut»-utgåva frå 1994.
Canned Heat var i november 1969 med i ein episode av Playboy After Dark. Hite vart invitert til ein samtale med Hugh Hefner etter framføringa, i lag med andre gjester som Sonny and Cher, Vic Damone, Dick Shawn og Larry Storch. Ei 20 år gammal Lindsay Wagner, som var ein av festdeltakarane til Hefner, sat på fanget til Hite og spelte ein festleik. I samtalen fortalte Hite at han hadde over 15 000 singelplater i samlinga si.
Han produserte John Lee Hooker- og Canned Heat-albumet Hooker 'N Heat (1971).
Død Den 5. april 1981 under ein pause på ein konsert på The Palomino Club i North Hollywood, fekk Hite noko dop av ein fan. Han trudde det var kokain og sniffa det, men det viste seg å vere heroin. Hite vart blå og kollapsa. Han vart køyrt til ein heim i nærleiken der han døydde.Kulczyk, David. (2009). Death In California – The Bizarre, Freakish, and Just Curious Ways People Die in the Golden State. Craven Street Books. P128
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bob Hite» frå , den 26. august 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske bluesmunnspelspelarar Kategori:USA-amerikanske bluessongarar Kategori:USA-amerikanske bluesgitaristar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:Canned Heat-medlemmar Kategori:Musikarar frå Los Angeles Kategori:Døde av heroinoverdose Kategori:Folk frå Topanga i California