mini|Les dernières cartouches (1873) av Alphonse-Marie-Adolphe de Neuville. 'Dei siste patronane', med motiv frå Den fransk-tyske krigen. miniatyr|Det tyske keisardømet i 1871, med Alsace/Elsass avmerkt. miniatyr|Telefonen er ei oppfinning frå 1870-talet miniatyr|Glødelampa er ei anna oppfinning frå 1870-talet 1870-talet byrja med Den fransk-tyske krigen, som enda gjennom Frankfurtfreden den 10. mai 1871, der Frankrike avstod frå Alsace/Elsass. Også i 1871 blei kong Vilhelm I av Preussen utropt til keisar av Det tyske keisardømet. Deretter følgde ein periode med fred og stabilitet i Europa og i USA, der borgarkrigen hadde enda i 1865. For USA blir perioden kalla rekonstruksjonstida. Men Den lange depresjonen med ei rekkje bankkriser fann også stad i dette tiåret.

1870-talet var kjenneteikna av store tekniske oppfinningar og framsteg. Verdsutstillinga i 1873 i Wien var den største verda hadde sett, men blei snart overgått av Centennial Exposition i Philadelphia i 1876. Nyvinningar som telefonen (1876), fonografen (1877) og glødelampen (1879) blei funne opp i dette tiåret, sjølv om dei først fekk kommersielle gjennombrot på 1880-talet.

Hendingar 1870-1871: Den fransk-tyske krigen. 1870: Den tredje franske republikken blei oppretta. Pariskommunen reiste seg mot styresmaktene i 1871, men blei slått ned. 1871: Det tyske keisardømet blei skipa. 1872-1876: Den tredje carlistkrigen var den siste carlistkrigen i Spania. 1873: Den skandinaviske myntunionen: Sverige, Noreg og Danmark innførte krone som felles valuta, basert på gullmyntfot. Nordiska museet blei grunnlagd i Stockholm. 1875: Meterkonvensjonen blei underteikna av 17 statar. Metersystemet blei innført i ei rekkje land. 1875: Den egyptisk-etiopiske krigen braut ut etter at Egypt hadde okkupert ulike etiopiske territorium, mellom anna alle hamnene deira ved Raudehavet. Han ende med siger for det etiopiske keisardømet i 1876. 1876: Alexander Graham Bell tok patent på telefonen. 1877-1878: Den russisk-tyrkiske krigen. Krigen enda 3. mars 1878 med freden i San Stefano. 1878 Stormaktene (utanom Russland) diskuterte austeuropapolitikk ved Berlinkongressen. 1879: Zulukrigen mellom Det britiske imperiet og Zuluriket

Kultur 1871: Lewis Carroll gav ut Through the Looking-Glass, oppfølgjaren til Alice in Wonderland eller Alice i Eventyrland. 1872: Yellowstone nasjonalpark i USA blei laga som den første nasjonalparken i verda. 1873: Jules Verne gav ut Le tour du monde en quatre-vingt jours (Jorden rundt på 80 dager). 1873: Mark Twain gav ut The Gilded Age: A Tale of Today. Boka gav opphav til nemninga The Gilded Age om dette tidsrommet i det amerikanske samfunnet. 1874: Dei såkalla impresjonistane hadde si første utstilling.Bernard Denvir, The Thames and Hudson Encyclopaedia of Impressionism (1990). Monet, Renoir, Pissarro og Sisley skipa Société Anonyme Coopérative des Artistes Peintres, Sculpteurs, Graveurs, som også inkluderte Cézanne, Berthe Morisot og Edgar Degas.Denvir (1990), s. 32. Dei heldt den første utstillinga si i april 1874 i studioet til fotografen Nadar i Paris. 1879: Henrik Ibsen gav ut Et Dukkehjem. Stykket hadde premiere i København i september, og skapte stor oppstand. Sarah Bernhardt hadde sitt gjennombrot som skodespelar

Personar Statsleiarar Keisar Frans Josef av Austerrike Keisar Pedro II av Brasil Statsminister John A. Macdonald i Canada Statsminister Alexander Mackenzie i Canada President Adolphe Thiers av Frankrike President Patrice de Mac Mahon av Frankrike Keisar Vilhelm I av Tyskland Kanslar Otto von Bismarck i Det tyske keisardømet Kong Viktor Emmanuel II av Italia Kong Umberto I av Italia Keisar Meiji av Japan Tongzhi-keisaren i Kina Guangxu-keisaren i Kina Pave Pius IX Pave Leo XIII Keisar Aleksander II av Russland Kong Alfonso XII av Spania Dronning Viktoria av Storbritannia Statsminister William Ewart Gladstone i Storbritannia Statsminister Benjamin Disraeli i Storbritannia President Ulysses S. Grant i USA President Rutherford B. Hayes i USA Naser al-Din Shah Qajar av Qajar-dynastiet i Persia Kong Gojong av Joseon-dynastiet i Korea

Andre Louise Michel, fransk anarkist, aktiv i Pariskommunen Carl Menger, austerriksk økonom, skipa «den austerrikske skulen»

Fødde Jeanne Calment, f. 1875, blei det lengst-levande mennesket i historia. Ho levde til 1997. Med ein alder på 122 år er ho framleis det eldste kjende mennesket i 2018.

Døde 1870: Charles Dickens, britisk forfattar 1872: Karl XV av Noreg og Sverige. Ny konge i Noreg og Sverige blei Oskar II. 1876: Mikhail Bakunin, russisk anarkistisk tenkjar 1877: Johan Ludvig Runeberg, finsk nasjonalskald.

Kjelder Fotnoter

Denne artikkelen bygger på «1870-talet» frå , den 27. august 2018. Denne artikkelen bygger på «1870s» frå , den 27. august 2018.

Denne artikkelen bygger på «Années 1870» frå , den 28. august 2018.

Bakgrunnsstoff

Kategori:1870-åra