Nynorsk mediesenter er eit nasjonalt kurs- og kompetansesenter for bruk av nynorsk i media. Senteret ligg i Førde i Vestland, og tek opp og utdannar fem journalist-praktikantar i halvåret, i tillegg til å arrangere kurs og medietrening for verksemder og institusjonar. Praktikantane skal hovudsakleg gjevast røynsle med bruk av nynorsk i etermedia i utdanningsperioden. Senteret tek opp praktikantar frå heile landet.
Historie Mediesenteret vart opna den 2. september 2004 av dåverande kyrkje- og kulturminister Valgerd Svarstad Haugland, som til då hadde engasjert seg i opprettinga av senteret.
Bakgrunnsstoff
Nynorsk mediesenter - ein styrke for nynorsken , Kringkastingsringen.no
Kategori:Nynorsk Kategori:Utdanningsinstitusjonar Kategori:Massemedium i Noreg Kategori:Skipingar i 2004 Kategori:Byggverk i Sunnfjord Kategori:Kultur i Sunnfjord