Randy Jo Hobbs () var ein USA-amerikansk musikar frå Winchester i Indiana. Hobbs spelte bass for The McCoys frå 1965 til 1969 og i band med brørne Edgar Winter og Johnny Winter frå 1970 til 1976.Randy Jo Hobbs: Credits at AllMusic. Henta 13. september 2014.
Han spelte bass med Jimi Hendrix på somme konsertopptak i 1968 som seinare uoffisielt kom ut som Woke Up This Morning and Found Myself Dead (1980) og New York Sessions (1998), og offisielt Bleeding Heart (1994). Han spelte òg bass med ei seinare utgåve av Montrose, og spelte på Jump on It frå 1976. Det same året spelte han bass på Rick Derringer-albumet Glass Derringer.
Randy Jo Hobbs vart funnen død av hjartesvikt, 45 år gammal, på eit hotellrom i Dayton i Ohio, i 1993 og er gravlagd i heimbyen Union City i Indiana.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Randy Jo Hobbs» frå , den 2. september 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:USA-amerikanske rockebassistar Kategori:Musikarar frå Indiana Kategori:Montrose-medlemmar