Portland Parish er eit parish (tilsvarande fylke) på Jamaica som ligg nordaust på øya. Det grensar til Saint Thomas i sør og Saint Mary i vest, og har kyst mot Det karibiske havet i nord og aust. Administrasjonssenteret er byen Port Antonio.

Fylket er 820 km² stort og har eit folketal på 70 067.

Det er eit landleg område og det blir dyrka mykje banan, kokosnøtt, brødfrukt, kaffi, mango og ackee her, både for eksport og lokal bruk. Portland omfattar ein del av Blue Mountains, og maroon-samfunn som Moore Town og Charles Town.

Ein rekner ofte Port Antonio som ei vogge for jamaikansk turistindustri. Andre større busetjingar er St. Margaret's Bay og Buff Bay.

Folk frå Portland

Nanny of the Maroons, også kjend som Granny Nanny, eller Queen Nanny, er knytt til fylket gjennom busetjingar som Nanny Town og Moore Town Errol Flynn (1909–1959), amerikansk filmstjerne som busette seg i fylket. Kona hans, Patrice Wymore Flynn, budde her ut livet. Edward Baugh (f. 1936), forfattar og akademikar Roy Reid (f. 1937), målar Patrick Allen (f. 1951), generalguvernør

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Portland Parish» frå , den 3. september 2018.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Parish på Jamaica