John Warren Geils Jr. (), kjend som J. Geils eller Jay Geils, var ein USA-amerikansk gitarist. Han var mest kjend som leiaren i The J. Geils Band.

Geils voks opp i New York City og vart interessert i jazz og blues. Etter å ha flytta til Massachusetts for å studere, skipa han The J. Geils Blues Band medan han framleis gjekk på Worcester Polytechnic Institute. Etter å ha fjerna ordet «Blues» frå namnet sitt, gav bandet ut debutplata si i 1970, og spelte soul- og rhythm and blues-påverka rock gjennom det meste av 1970-åra, før dei vart meir pop i 1980-åra. Etter at bandet vart oppløyst i 1985, slutta Geils å spele fast og byrja med restaurering av bilar han deltok i billøp med, men dreiv stundom med musikkproduksjon. Han fortsette å spele sporadiske turnear med resten av bandet i 2000- og 2010-åra. Geils døydde av naturlege årsaker den 11. april 2017, 71 å gammal, i heimen sin i Groton i Massachusetts.

Diskografi

Som Jay Geils Bluestime med Magic Dick (Rounder, 1994) Little Car Blues med Magic Dick (Rounder, 1996) Jay Geils Plays Jazz! (Stony Plain, 2005) Jay Geils, Gerry Beaudoin and the Kings of Strings featuring Aaron Weinstein (Arbors, 2006) Toe Tappin' Jazz (North Star, 2009)

Som New Guitar Summit New Guitar Summit (Stony Plain, 2004) New Guitar Summit: Live at the Stoneham Theatre (2004) Jazzthing II med Randy Bachman (2007) Shivers (Stony Plain, 2008)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «J. Geils» frå , den 4. september 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:USA-amerikanske jazzgitaristar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:USA-amerikanske rockegitaristar Kategori:Sologitaristar Kategori:USA-amerikanske rockesongarar Kategori:Bluesrock-musikarar Kategori:Folk frå Far Hills i New Jersey Kategori:The J. Geils Band-medlemmar Kategori:Elevar ved Worcester Polytechnic Institute Kategori:Musikarar frå Massachusetts