Claude Hudson «Butch» Trucks () var ein USA-amerikansk trommeslagar. Han var mest kjend som opphavleg medlem i The Allman Brothers Band, som ein av to trommisar i bandet i lag med Jai Johanny Johanson. Trucks vart fødd og voks opp i Jacksonville i Florida. Han spelte i forskjellige grupper før ha han skipa The 31st of February på Florida State University i midten av 1960-åra. Han kom med i The Allman Brothers Band i 1969. Konsertalbumet deira frå 1971, At Fillmore East, vart det store gjennombrotet deira. Gruppa vart ei av dei mest populære i 1970-åra med sterke konsertar og fleire suksessrike album. Sjølv om bandet vart oppløyst og kom saman att fleire gonger, var Trucks med konstant i den 45 år lange karrieren deira.

I 1999 kom nevøen til Trucks, gitaristen Derek Trucks, med i The Allman Brothers Band. 24. januar 2017 tok Trucks livet sitt med eit skytevåpen, visstnok etter fleire år med økonomiske problem.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Butch Trucks» frå , den 8. september 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:USA-amerikanske rocketrommeslagarar Kategori:Musikarar frå Jacksonville i Florida Kategori:Musikarar døde av sjølvmord Kategori:Rock and Roll Hall of Fame Kategori:The Allman Brothers Band-medlemmar