«Melissa» er ein song av det amerikanske rockebandet The Allman Brothers Band, gjeve ut i august 1972 som den andre singelen frå det tredje studioalbumet deira, Eat a Peach. Songen vart skriven av vokalisten Gregg Allman lenge før gruppa vart skipa. Han vart først skriven i 1967 og to demoversjonar frå det året finst, inkludert ein versjon spelt inn av The 31st of February, eit band med Butch Trucks, som seinare spelte trommer i The Allman Brothers. Allman selde forlagsrettane til songen året etter, men manageren Phil Walden fekk henta dei attende i 1972.
Tittelen på songen vert ofte feilaktig skrive som «Sweet Melissa» sidan dette vert sungen i refrenget.
Versjonen på Eat a Peach vart spelt inn som ei hyllest til Duane Allman, som rekna songen som ein av broren sine beste og som var ein personleg favoritt. Han omkom i ei motorsykkelulukke tre månader før denne versjonen vart spelt inn.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Melissa (song)» frå , den 9. september 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1967 Kategori:Singlar frå 1972 Kategori:Songar skrivne av Gregg Allman Kategori:The Allman Brothers Band-songar Kategori:Capricorn Records-singlar Kategori:Songar om kvinner Kategori:Molly Hatchet-songar