Kvænangen kommune (nordsamisk Návuona suohkan, kvensk Naavuonon komuuni) ligg lengst nord i Troms fylke. Kommunen grensar mot Loppa kommune i nord, Alta i aust, Kautokeino i sør, Nordreisa i sørvest, og Skjervøy i vest. Kvænangen høyrer til regionen Nord-Troms.
Namnet Kvænangen kjem av «kvæner» ('kvener') som er norsk for «finsktalande folk», og angr som er norrønt for «fjord».
Næringsverksemda i Kvænangen har lenge vore basert på primærnæringane jordbruk, skogbruk og fiske, men dei fleste sysselsette i kommunen arbeider no innan tenesteytande næring. Nye næringar som har hatt vekst i kommunen er fiskeoppdrett og turisme.
Kommunesenteret i Kvænangen er Burfjord. Næraste flyplass er Sørkjosen lufthamn i nabokommunen Nordreisa, med flyruter til Tromsø, Hammerfest og Kirkenes.
Historie Kvænangen kommune vart oppretta i 1863, då han vart skilt ut frå Skjervøy kommune. Folketalet var då 2785. I 1965 vart Meilandsområdet på fastlandssida av Haukøysundet, med 12 innbyggjarar, overført frå Skjervøy til Kvænangen, og i 1972 gjekk eit ubygd område same vegen.
Folketalsutvikling Folketalsutvikling for Kvænangen kommune frå 1875: 1875"Hjemmehørende folkemengde Troms 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 12. september 2010 1900 1.12.1920Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921) 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Kvænangen 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1971 1.1.1981 1.1.1991 1.1.2001 1.1.2010 1646a 1764a 1903a 1973a 2402a 2511a 2382a 2090 1842 1638 1427 1316 a Talet omfattar ikkje Meilandsområdet, som var del av Skjervøy kommune fram til 1965, då det vart overført til Kvænangen kommune. Dette området hadde då 12 innbyggjarar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kvænangen» frå , den 8. april 2008.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kommunar i Troms Kategori:Norske kommunar skipa i 1863